Gloppen krev digitale læremiddel på nynorsk

Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: PixabayBlant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay
Gloppen kommunestyre krev at Kunnskapsdepartementet skal gjere meir for at alle læremiddel skal kome i både nynorsk- og bokmålsversjonar.
 

– No blir det tatt i bruk meir og meir digitale læremiddel og nynorske klasserom blir fylte opp av læremiddel på bokmål. Nynorskelevane ser mindre av språket sitt rundt seg enn bokmålselevane gjer. Det er difor ekstra viktig at nynorskelevane får sjå og lesa mest mogeleg nynorsk i opplæringa, står det i vedtaket frå kommunestyret.

 

– Mållaget meiner at skuleeigarane må ta ansvar å krevje nynorske digitale læremiddel til elevane sine. Difor er det eit viktig vedtak kommunestyret i Gloppen har gjort, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Opplæringslova set krav

– Gloppen kommune vil ha eit godt nynorsk opplæringsmiljø for elevane våre. Opplæringslova seier at alle læremiddel skal kome i både nynorsk- og bokmålsversjonar, vedtok kommunestyret.

Vidare står det i vedtaket: Det er nynorskklasser i 143 av dei 422 kommunane i Noreg. Ifølgje opplæringslova har skuleeigar ansvaret for å oppfylla elevane sine rettar. Læremiddel som berre kjem på bokmål, er like ulovlege i nynorsk- som i bokmålsklasserom.

Kommunen set krav til Kunnskapsdepartementet

Gloppen har vedtatt at ein som hovudregel ikkje vil kjøpe inn og bruke digitale læremiddel som ikkje er på nynorsk. Kommunen vil gi klar melding til tilbydarar om at kommunen ikkje kan gjere innkjøp om læremiddelet ikkje finst på nynorsk.

Kommunen vil setje same krav til språk i innkjøp som kommunen gjer til kontorstøtteprogram og administrativ programvare.

Gloppen kommune krev at Kunnskapsdepartementet sørgjer for at læremiddelprodusentane følgjer lova og såleis sikrar nynorskelevane sine rettar.

Utskrift E-post