Askøy kommune fekk tvangsmulkt for dårlege nettsider

Frå heimesidene til Askøy kommune.Frå heimesidene til Askøy kommune.

 

Difi opplyser at kommunen vil bli pålagd å betale ei dagsbot på 10.000 kroner dersom kommunen ikkje forbetrar nettsidene innan 6. juli.

Ifølgje direktoratet blei det i fjor haust avdekt brot på til saman ti lovkrav på nettsidene til Askøy kommune.

«Dei fleste av feila er korrigert av kommunen, men det står att nokre feil. Dersom feila ikkje blir retta, inneber det at nettsidene ikkje er tilgjengelege for alle», skriv Difi i ein e-post.

Vidare heiter det at dagbota på 10.000 kroner vil gå fram til kommunen dokumenterer at avvika er retta opp. Dersom feilen ikkje er retta opp, kjem bota til å auke med 10 prosent kvar månad.

Kommunikasjonsdirektør Dag Folkestad i Askøy kommune seier til NRK at IT-avdelinga allereie er i gang med å rette opp tre av dei store avvika. Etter planen kjem desse til å bli retta opp før fristen frå Difi. Kommunen kan likevel bli nøydd til å betale bøter.

– Eitt av avvika er det eit eksternt firma som må ordne, men på grunn av sommarferien får dei ikkje gjort det før august, seier Folkestad.

(©NPK)

Utskrift E-post