Kjartan Helleve dagleg leiar i Kringkastingsringen

Kjartan Helleve tek over stillinga som dagleg leiar i Kringkastingsringen etter Anne Svanaug Straume.

 

Helleve har arbeidd som informasjonskonsulent i Noregs Mållag i over eit tiår. Han har lang erfaring frå målrørsla, både utoverretta politisk arbeid og informasjonsarbeid. Han har mellom anna hatt ansvar for avisa Norsk Tidend for Noregs Mållag.

– Kjartan Helleve er ein kapasitet med inngåande kjennskap til rørsla og organisasjonen. Vi er veldig glade for at han ville bli ein del av laget, seier styreleiar Guro Kvalnes.

Kringkastingsringen vart stifta i 1955, og har i over 60 år vore pådrivar for at medieverksemdene skal føre ein språkpolitikk som speglar språkmangfaldet i Noreg og for at styresmaktene skal leggje forholda til rette for at vi skal få eit godt og mangfaldig språk i media. (©NPK)

Utskrift E-post