Musikalsk brubyggjar takkar av

– Ein festival som Førdefestivalen opnar auga til folk for andre kulturar og kan skapa nye haldningar. Festivalen er difor viktigare enn nokon, meiner avtroppande festivaldirektør, Hilde Bjørkum.

 

I snart tretti år har ho ivra for å samla musikarar frå alle delar av verda for å gje nordmenn smakebitar av det store musikalske mangfaldet som finst. Gjennom desse åra har Førde internasjonale musikkfestival utvikla seg til å bli den største festivalen for folkemusikk og verdsmusikk i Skandinavia. Han blir også omtalt som ein av dei beste i sitt slag i verda.

Festivalen i år er den siste Hilde Bjørkum har ansvar for, men engasjementet til den snart 60 år gamle festivalleiaren er framleis på topp.

– Det finst så fantastisk mykje flott musikk og flotte musikarar som er heilt på toppnivå i verda. Dei har eg lyst til at folk skal få oppleva, seier ho når ho får spørsmål om kva som har vore drivkrafta hennar gjennom alle desse åra.

Ho har også eit brennande ønske om å gje folk nye, gode opplevingar.

– Nå folk kjem springande etter meg med stjerner i auga og fortel om opplevingar dei vil hugsa resten av livet, gjev det meg vanvitig mykje energi.

Frå utøvar til arrangør

Festivaldirektøren er ikkje berre administrator. Hilde Bjørkum har sjølv bakgrunn som aktiv hardingfelespelar og folkedansar, og har fleire gonger vunne Landskappleiken. Ein kongepokal i dans høyrer også med til merittlista hennar.

Før ho blei direktør for Førdefestivalen turnerte ho mellom anna for Rikskonsertane. I ein periode var ho også fylkesmusikar i Sogn og Fjordane. Bjørkum er framleis aktiv i folkemusikkmiljøet, men etter at ho blei festivaldirektør har ho først og fremst ivra for å visa fram andre musikarar frå inn- og utland.

HARDINGFELESPELAR: Folkemusikk og folkedans har alltid vore ein del av livet til Hilde Bjørkum. Ho er sjølv ein aktiv hardingfelespelar. Her frå jubileumskonserten for spelemannen og organisatoren Sigmund Eikås (t.hø) under Førdefestivalen i fjor. Foto: Oddleiv Apneseth / FørdefestivalenHARDINGFELESPELAR: Folkemusikk og folkedans har alltid vore ein del av livet til Hilde Bjørkum. Ho er sjølv ein aktiv hardingfelespelar. Her frå jubileumskonserten for spelemannen og organisatoren Sigmund Eikås (t.hø) under Førdefestivalen i fjor. Foto: Oddleiv Apneseth / Førdefestivalen

Sterk vekst

Sidan Førdefestivalen starta har over 7.000 musikarar frå over 140 land vore innom festivalen. I same perioden har publikum auka frå 6.000 til 26.000 besøkjande. Staben på festivalkontoret er også utvida frå ei halv deltidstidstilling til seks faste årsverk.

– At me har greidd å få til ein slik festival på ein så liten plass som Førde, og at festivalen har blitt så kjend nasjonalt og internasjonalt er eg veldig stolt over, seier Bjørkum.

Ho kan no velja og vraka blant verdsmusikarar på øvste hylle. Kvar veke får festivalleiinga rundt 500 forslag til artistar som vil opptre.

– Me må seia nei til dei aller fleste, men det er jo eit luksusproblem, seier festivalsjefen.

Om å vera modig og byggja bruer

Bjørkum trur folk er opne for mange typar musikk – berre dei blir eksponerte for det. Her meiner ho journalistar og media har eit ansvar.

– Eg meiner media ofte undervurderer publikummet sitt. I den norske medieverkelegheita er det stort sett angloamerikansk musikk som dominerer. Det synest eg blir litt smalt og lite sprekt. Me må våga å vera litt modige og visa fram alt det fantastiske som finst, seier ho.

Ho trur sterke kulturopplevingar kan vera med å endra haldningane våre slik at me ser folk frå andre land og kulturar med nye auge.

I føremålsparagrafen til Førdefestivalen heiter det at festivalen skal vera med å byggje bruer mellom kulturar og ulike sivilisasjonar. For festivalen har det også vore ei fanesak å sleppa til artistar og stemmer som ikkje så lett kjem til orde i eigne heimland.

– Det har ofte gitt sterke konsertopplevingar, seier Bjørkum.

Ho peikar på at sjølv om folk har ulik religiøs, kulturell og økonomisk ståstad, har me som menneske mykje av dei same verdiane.

– Det er kanskje store ord, men nettopp difor eg meiner Førdefestivalen er ein av dei viktigaste festivalane i Noreg. Er det noko me treng i det fleirkulturelle samfunnet vårt med dei mørke kreftene som finst, så er det ein slik møteplass, seier Bjørkum.

HYLLAR MANGFALDET: - Mykje har forandra seg sidan vi starta for snart tretti år sidan, men kjernen i festivalen og det å feira det kulturelle mangfaldet i verda - og sleppa til musikarar som ikkje så ofte blir presentert i Noreg, er den same, seier avtroppande direktør Hilde Bjørkum. Her frå festivalen i 2009. Foto: Knut Utler HYLLAR MANGFALDET: - Mykje har forandra seg sidan vi starta for snart tretti år sidan, men kjernen i festivalen og det å feira det kulturelle mangfaldet i verda - og sleppa til musikarar som ikkje så ofte blir presentert i Noreg, er den same, seier avtroppande direktør Hilde Bjørkum. Her frå festivalen i 2009. Foto: Knut Utler

Audmjuk, takksam og glad

Den engasjerte festivaldirektøren legg ikkje skjul på at det har vore arbeidskrevjande å byggja opp Førdefestivalen, men ho ser først og fremst tilbake på tida med glede.

– Det har vore ei fantastisk reise. Først og fremst føler eg meg utruleg rik på opplevingar. Eg blir berre meir og meir audmjuk for all musikken og alle musikarane som finst der ute. Dialogane med så mange menneske frå ulike kulturar har gjeve meg eit anna perspektiv på livet og kva som er viktig.

Den avtroppande direktøren er også svært takksam for alle som har trudd på festivalen og dei mange frivillige som kvart år gjer ein stor innsats.

No ser ho fram til å invitera publikum til nye musikalske møte. Sjølv håpar ho å få med seg mest mogleg av det tettpakka programmet.

Etterpå skal ho trekkja pusten litt, før ho held fram med å arbeida halv stilling som seniorrådgjevar på festivalen. I dette arbeidet skal ho mellom anna følgja opp nye prosjekt og hjelpa til i overgangen med nye direktør.

– Men eg har ikkje tenkt å bli noko sjuande mor i huset altså, strekar Bjørkum under. (©NPK)

Utskrift E-post