Kommunalministeren meiner samanslåingar vil sikre distriktsrekruttering

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) utset den omstridde nye distriktsindeksen som hadde hatt innverknad på inntektsfordelinga mellom norske kommunar Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPKKommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) utset den omstridde nye distriktsindeksen som hadde hatt innverknad på inntektsfordelinga mellom norske kommunar Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK

Kommunalminister Monica Mæland (H) meiner større kommunar og fleire kommunesamanslåingar er løysinga på ei mogleg rekrutteringskrise i distrikta i framtida.

 

– Over halvparten av kommunane vil også etter kommunereforma ha under 5000 innbyggjarar, over 100 vil ha under 3000 innbyggjarar. Det er urovekkjande når delen sysselsette i distriktskommunar går ned, mens delen som lever på trygd går opp, seier ho til NRK.

Tidlegare denne veka la SSB fram ferske befolkingframskrivingar der det kom fram at ein av tre i mange distriktskommunar vil vere over 70 år i 2040. Det kan medføre store vanskar med å rekruttere nok arbeidskraft i mange kommunar.

Mæland trur større kommunar i større grad vil skape eit berekraftig tenestetilbod i distrikta.

– Det er stor forskjell på å ha éin kommuneplanleggjar og å ha ingen. Det blir ikkje fleire folk, men ein får større og mindre sårbare einingar. Det er forskjell på å ha éin tilsett i barnevernet og tre, seier Mæland til statskanalen. (©NPK)

Utskrift E-post