Besøksrekord på biblioteka i fjor

Bibliotektal frå kvar enkelt kommune finn de på bibliotekutvikling.no. Slik blir det høve til å lage lokale vriar for dykkar avis.

 

Norske folkebibliotek sette ny brukarrekord med over 24 millionar besøk i 2017. Aktiviteten har aldri vore større i biblioteka, som gjennomførte nesten 50.000 arrangement gjennom fjoråret. Barn og unge låner fleire bøker enn nokon gong, og det totale bokutlånet er stabilt.

Det kjem fram i bibliotekstatistikken for 2017.

– Desse rekordtala viser at Nasjonal bibliotekstrategi og grepa som regjeringa har tatt for å auke aktiviteten i folkebiblioteka har vore vellykka, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Bibliotekstrategien, som går ut ved årsskiftet, har sidan 2015 vore verktøyet til staten for å bidra til utvikling i folkebiblioteka.

– Det er behov for å byggje vidare på dei tiltaka vi har sett i verk. Biblioteka er dei beste institusjonane våre for ytringsfridom og demokrati, og regjeringa vil leggje fram målretta tiltak for å styrkje arbeidet deira i den neste bibliotekstrategien som skal gjelde frå 2020 til 2023, seier kulturministeren.

Stabilt bokutlån

Meir enn 17 millionar bøker vart lånte ut frå norske folkebibliotek i I fjor. Dette viser at bokutlånet er stabilt. I gjennomsnitt lånte nordmenn 3,4 bøker gjennom året.

– Utlånstala viser at boka står sterkt i folkebiblioteka. No ser vi fram til Bokåret 2019 der vi skal løfte boka ytterlegare, med 500 arrangement i 500 bibliotek over heile landet, seier direktør for Nasjonalbiblioteket Aslak Sira Myhre.

Barn og unge låner mange fleire bøker enn vaksne, og bokutlånet til denne gruppa held fram med å auke. I 2017 vart det lånt ut 7,6 millionar skjønnlitterære bøker for barn og unge i norske folkebibliotek. Dette er det høgste talet som nokon gong er målt. I snitt lånte norske barn under 15 år 9,5 bøker kvar gjennom året.

* Folkebiblioteka hadde til saman 24.362.603 besøk i 2017. Dette er ein auke på rundt 400.000 frå 2016, og nesten fire millionar fleire enn i 2013.

* Det vart gjennomført 49.899 små og store arrangement i folkebiblioteka i 2017 – alt frå organiserte besøk av barnehagegrupper til store litteraturarrangement og debattmøte.

* Det vart lånt ut 17.428.190 bøker (inkludert e-bøker) i norske bibliotek i 2017.

Utskrift E-post