Bykle kommune brukar mest på kultur

Bykle kommune toppar lista over dei beste kulturkommune i landet i den årlege kåringa til Kommunal Rapport, Kommunebarometeret.

 

Medan norske kommunar i fjor gjennomsnittleg brukte 4 prosent av budsjettet sitt på kultur eller 2.237 kroner per innbyggjar, brukte Bykle kommune 14 prosent. Det svarar til 19.150 kroner per innbyggjar, fortel Kommunal Rapport.

Tokke i Telemark og Aurland i Sogn og Fjordane kjem på høvesvis andre og tredjeplass på lista.

Blant dei ti beste kulturkommunane finn vi vidare Utsira, Høylandet, Suldal, Eidfjord, Tinn, Bygland og Oslo.

Selje kommune i Sogn og Fjordane var den kommunen som i fjor brukte minst på kultur med 324 kroner per innbyggjar. (©NPK)

Utskrift E-post