Førde på kommunetoppen

 Ordførar Olve Grotle (H) i Førde. Foto: Reiakvam foto, Førde kommune Ordførar Olve Grotle (H) i Førde. Foto: Reiakvam foto, Førde kommune

Førde kommune er den kommunen i landet som kjem best ut på den årlege kåringa til Kommunal Rapport, Kommunebarometeret.

 

Kommunal Rapport skriv at Førde har vore i toppsjiktet dei siste fire åra. I skarp konkurranse med Røyken, Mandal, Hole og Bærum, gjekk Førde i år heilt til topps.

Gode resultat innan grunnskule og pleie og omsorg er dei viktigaste årsakene til at Førde i år kjem best ut. Det blir også trekt fram at kommunen har hatt ei markant betring når det gjeld økonomi og kostnadsnivå.

Rådmann Ole Johan Østenstad i Førde seier til avisa at resultatet ikkje har kome av seg sjølv.

– Vi har hatt ei langsiktig jobbing som gjer at vi er der. Det er ein ganske målbevisst jobb som ligg bak tala, seier han. (©NPK)

Utskrift E-post