Storegutprisen 2018 til Olav Vesaas

Olav Vesaas. Foto: Jarle Vines, CC BY-SA 3.0-lisensOlav Vesaas. Foto: Jarle Vines, CC BY-SA 3.0-lisensOlav Vesaas får Storegutprisen for sin store og livslange innsats for norsk språk og litteratur i skrift og tale – ein innsats som samstundes har vore ei teneste for nynorsken.

 

Prisen går til ein person, eit lag eller ei verksemd som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege rom.

I grunngivinga si trekkjer Storegutnemnda, som består av leiar Stein Versto, Ragnvald Christenson og Guro Ljone, fram at Olav Vesaas konsekvent har nytta nynorsk gjennom sitt allsidige virke. Både det tala og det skrivne ordet har flyte ledig og vakkert frå hans munn og penn. I kraft av det langvarige virket hans i NRK vart han ei kjend røyst for radiolydande nordmenn, der den normalnynorsk han nytta, samstundes fekk sitt umiskjennelege bygdemålspreg med dei djupe vokalane som har vore eit særkjenne for vinjedialekten. Bakgrunnen hans frå Vinje har såleis vore høyrleg og synleg med han, samstundes som han har vore ei tydeleg nynorskens røyst gjennom eit langt liv som oslobuar.

Virket til Olav Vesaas ber, i skrift og tale, preg av ein djup kjærleik til litteraturen, – ein kjærleik som han nok, bokstaveleg tala, fekk inn med morsmjølka. Både denne kjærleiken, og dåvisst den nære kjennskapen til dei forfattarar han har portrettert, pregar dei biografiske bøkene hans på framifrå vis. Som litterat og granskar har han pusta djupt og inderleg i diktinga gjennom eit langt liv. Det har vore eit liv med og for litteraturen og det nynorske språket, på eit vis som til fulle kvalifiserer til Storegutprisen.

Storegutprisen har namnet sitt etter ein sentral figur i Aasmund O. Vinjes dikting, og vinnaren får ein bronsestatuett laga av bilethoggaren Kjell Grette Christiansen. Laurdag 25. august tek Olav Vesaas i mot heideren i samband med festkvelden i Edland under Litteraturdagane i Vinje. Det er Medlemslaget Litteraturdagane i Vinje som står bak Storegut-arrangementet.

Litteraturdagane i Vinje er 24.–26. august med nær 40 arrangement på fem stader i Vinje, Edland, Smørklepp, Vinje, Åmot og Rauland, dessutan i Bø og Dalen. Festivalpass og billettar er lagde ut for sal, og meir informasjon står på Litteraturdagane.no.

Utskrift E-post