Hordaland Teater med oppfølgjar av suksessframsyning

Etter at Hordaland Teater i vår hadde stor suksess med framsyninga Heim, er eit knippe forfattarar no i gang med å skriva oppfølgjaren Heim 2.

 

Framsyninga er ein del av ei musikalsk vestlandskrønike i fire delar. Den første tidsreisa tok for seg perioden 196–1975. Oppfølgjaren Heim 2 skal handla om typiske trekk ved Hordaland og Vestlandet i åra frå 1975 til 1985.

Til å skriva historiene har teatersjef Solrunn Toft Iversen fått med seg forfattarane Ruth Lillegraven, Gunnar Staalesen, Tore Renberg til tillegg til forfattarar som Marit Eikemo, Frode Grytten og Ragnar Hovland som også var med å skriva første delen av den musikalske tidsreisa.

– Eit superlag, seier teatersjefen til Bergens Tidende.

På scenen blir det også nokre nye fjes. Morten Svartveit frå Voss som mellom anna er kjend frå NRK-serien "Heimebane", og Kjærsti O. Skjeldal som er kjend frå ulike filmar og teaterroller ved Det Norske Teatret, er nokre av dei nye skodespelarane, medan Sigrid Moldestad som i "Heim 1" var med som både tekstforfattar og skodespelar, er ein av dei som blir med vidare.

Eirik del Barco Soleglad har regien på Heim 2 som får premiere 21. februar 2019.

<p>(©NPK)</p>

Utskrift E-post