Kulturdepartementet kårar årets nynorskkommune 2018

Cato og Silje Ekrene fekk gode nynorsktips frå kurshaldar Petter Steen jr. (t.h.) på nynorskkurset til Sveio kommune. Kommunen vart kåra til Årets nynorskkommune 2017. Foto: Svein Olav B. LangåkerCato og Silje Ekrene fekk gode nynorsktips frå kurshaldar Petter Steen jr. (t.h.) på nynorskkurset til Sveio kommune. Kommunen vart kåra til Årets nynorskkommune 2017. Foto: Svein Olav B. Langåker

Prisen Årets nynorskkommune 2018 blir delt ut hausten 2018, og vinnaren får 100.000 kroner.

 Føremålet med prisen er å stimulere til god nynorskbruk i kommunane. Prisen kan delast ut til anten ein kommune eller fylkeskommune, eller til to eller fleire kommunar eller fylkeskommunar saman som er i ein pågåande samanslåingsprosess.

Kven kan søkje om prisen?

Kommunar og fylkeskommunar med nynorsk som målform vert oppmoda til å søkje.

Juryen vil prioritere kommunar eller fylkeskommunar som

  • gjer eller har gjort godt og medvite arbeid med nynorsk i samband med kommunesamanslåingar
  • bruker og synleggjer den nynorske målforma i kommunale planar
  • nyttar nynorsk aktivt i kommunikasjonsarbeid, til dømes på kommunens heimesider, i digitale tenester, i skriftleg informasjon til innbyggjarane eller i marknadsføring av kommunen eller fylkeskommunen
  • har utarbeidd eigne retningslinjer for nynorskbruk
  • har sett i verk tiltak som fremjar bruk av nynorsk i kommunale og interkommunale føretak
  • gir opplæring i god målbruk for tilsette i kommunen
  • tilbyr opplæring for innvandrarar og flyktningar på nynorsk
  • driv aktiv marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement
  • gjer ein innsats for nynorsk i barnehage og barneskule
  • har fått på plass tiltak som utvidar eller fremjar bruken av nynorsk på nye område

Søknadsfristen er 1. november 2018.

Det er kommunane og fylkeskommunane sjølve som søkjer om å bli med i konkurransen.

Kommunar som har søkt tidlegare, er velkomne til å søkje igjen.

Språkrådet leier juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet. I juryen sit også representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.

Merk søknaden ”Årets nynorskkommune” og send han til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller

Språkrådet
Postboks 1573 Vika
0118 Oslo

Kontaktperson: seksjonssjef Margrethe Kvarenes, Språkrådet, tlf. 22 54 19 74 / 948 94 789

Les om då Sveio kommune vart kåra til Årets nynorskkommune i 2017!

Les

Utskrift E-post