Nynorsk litteraturhistorie er no tilgjengeleg på nett

Foto: Margunn Sundfjord/NPKFoto: Margunn Sundfjord/NPK
I vår kom nynorsk litteraturhistorie for første gong ut i bokform. No er forteljinga om den nynorske skjønnlitteraturen fritt tilgjengeleg på nettet.

Torsdag 23. august blei den nye digitale satsinga lansert i Telemark. No kan kven som helst klikka seg inn på det digitale oppslagsverket Allkunne.no og finna artiklar om nynorsk litteraturhistorie frå 1850 til 2015.

Publiseringa er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum, som driv Allkunne.no, Det Norske Samlaget og forfattaren Jan Inge Sørbø som har skrive storverket om nynorsk litteraturhistorie.

Verket til Sørbø er på heile 600 sider, men i den digitale utgåva er stoffet korta ned og lagt til rette for nettbrukarar.

– Vi har redigert om verket til åtte periodeartiklar med tilhøyrande illustrasjonar, kvissar og tidslinjer, slik at det er gjort om til artiklar som står for seg sjølv, seier redaktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Allkunne til Nynorsk pressekontor.

Les også: Nynorsk litteraturhistorie samla for første gong

900 nynorskforfattar

I tillegg har Allkunne fått nyskrive over 900 biografiar om forfattarar som har gjeve ut litteratur på nynorsk.

Allkunne-redaktør Per Magnus Sandsmark blir ny direktør i Nynorsk kultursentrum i Ørsta til hausten. Foto: Laila Walseth Lid / Nynorsk kultursentrum

– Noko har lege på Allkunne.no frå før, men alt er oppdatert og mykje av dette er nyskrive. Det betyr at det no er tilgjengeleg informasjon om ei rekkje diktarar som det ikkje fanst slik informasjon om tidlegare, seier Finnanger Sandsmark.

Til saman inneheld det nynorske oppslagsverket no informasjon om 900 skjønnlitterære forfattarar som har gjeve ut bøker på nynorsk eller dialekt.

Spennvidda er stor både når det gjeld geografisk spreiing og litterære sjangrar. Forfattarane som er omtalte, kjem frå alle dei 18 fylka i landet og har skrive alt frå essay, dikt og drama til biletbøker, viser, romanar, noveller og forteljingar.

Satsar på nye generasjonar

Det er ikkje utan grunn at lanseringa er lagt til to vidaregåande skular. Å gjera nynorske forfattarar meir kjende i skulen er ei prioritert oppgåve.

– Vi meiner at ein for liten del av dei nynorske forfattarane blir presentert i skulen, seier Finnanger Sandsmark.

Han peikar på at det finst nynorske forfattarar som har skrive i så og seia alle sjangrar og i alle tidsepokar frå 1850 og fram til i dag.

– Vi meiner at ein for liten del av dei nynorske forfattarane blir presentert i skulen

– Det å kunna syna fram gode nynorskdøme på ulike trendar i europeisk og internasjonal litteratur er viktig. For å gjera informasjonen meir tilgjengeleg for skulebruk, har vi arbeidd bevisst med korleis materialet blir presentert og har mellom anna brukt kvissar, illustrasjonar, tidslinjer og fleire døme enn vi elles brukar å gjera.

Seinare i haust vil Allkunne gjera fleire framstøyt mot vidaregåande skular for å informera om det nye tilbodet. Allkunne-redaktøren håpar det vil føra til at fleire får auga opp for det store mangfaldet som er og har vore i nynorsk litteratur.

Les også: Gloppen krev digitale læremiddel på nynorsk

Markerer tre nynorsk-jubileum

Den digitale storsatsinga fell saman med at Det Norske Samlaget fyller 150 år, Allkunne 10 år og Nynorsk kultursentrum 25 år.

– Då passa det godt med ei slik storsatsing, seier Finnanger Sandsmark, som frå november overtek som ny direktør for Nynorsk kultursentrum.

Redaktøren er svært glad for at Det Norske Samlaget og Jan Inge Sørbø har gjeve Allkunne løyve til å bruka tekstane og materialet til Sørbø, og for at Fritt Ord, Kulturdepartementet og Sparebanken Vest har støtta prosjektet økonomisk.

Utskrift E-post