Sp-toppar vil ha omkamp om fylkessamanslåing i vest

 

Fleire sentrale Sp-politikarar varslar at dei vil ha omkamp om fylkessamanslåinga på Vestlandet.

 

Årsaka er uvissa som har spreidd seg om samanslåinga mellom Troms og Finnmark i nord, og samanslåinga av Buskerud, Akershus og Østfold i aust.

Hordaland og Sogn og Fjordane har sagt ja til å slå seg saman til Vestland fylkeskommune frå 1. januar 2020, men Sp-politikarane Liv Signe Navarsete, Kjersti Toppe og Nils T. Bjørke vil ha omkamp.

– Det er heilt naturleg at denne nye situasjonen får konsekvensar også for stortingsvedtaket om nytt fellesfylke mellom Sogn og Fjordane og Hordaland, seier stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) for Sogn og Fjordane til NRK.

Nye Vestland fylkeskommune vil ha over 600.000 innbyggjarar, med politisk og administrativ leiing plassert i Bergen.

– Dersom Stortinget snur om regionsreforma på Austlandet og i Nord-Noreg, må det også føra til at vedtaket om Vestland blir oppheva, seier Navarsete.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) i Hordaland reagerer på utspelet.

– Dette er uakseptabelt. Vi har retta oss etter to stortingsvedtak og eit nesten samstemt fylkestingsvedtak. Vi har kome altfor langt i prosessen til å reversera dette no, meiner Hestetun. (©NPK)

Utskrift E-post