Framtida Junior skal på skuleturné – søkjer juniorjournalistar

Christian Wiik Gjerde, Janne Nerheim og Svein Olav B. Langåker i Framtidajunior.no-redaksjonen.Christian Wiik Gjerde, Janne Nerheim og Svein Olav B. Langåker i Framtidajunior.no-redaksjonen.

Den nynorske avisa for alle barn har fått 100.000 i støtte til å dra på Vestlandsturné og læra opp fleire juniorjournalistar.

 

– Framtida Junior ønskjer å nå ut til endå fleire, og skal no på turné til skular og rundt på Vestlandet. Framtida Junior har som mål å gjera det kjekt å lesa nyhende for barn på nynorsk, og me søkjer no etter barn som vil vera juniorjournalistar i redaksjonen vår, og skular som vil ha besøk av oss, seier redaktør Svein Olav B. Langåker.

Junior-journalistane vil få opplæring, spennande oppgåver og stor fridom til å skriva om det ein vil.

Gode tilbakemeldingar og brukartal

Allereie har over 50.000 brukarar vore innom nettsidene, Framtidajunior.no. Bak nettstaden står Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Framtida.no og ABC Startsiden.

Papiravisa Framtida Junior blir gjeven ut i samarbeid med lokalavisene Hallingdølen, Hordaland, Os og Fusaposten, Sogn Avis og Sunnhordland.

– Tilbakemeldingane frå barna er veldig gode. No håpar eg endå fleire barn har lyst til å bidra til å gjera avisa vår endå betre, seier Framtidajunior.no-redaktøren.

Glade for støtta

Turnéen og kurs for juniorjournalistane er støtta av dei allmennyttige midlane til Sparebanken Vest.

– Me er veldig glade og takknemlege for støtta, seier Svein Olav B. Langåker. Støtta gjer at avisa kan halda fram ut året. Til neste år er avisa avhengig av auka støtte gjennom statsbudsjettet og fleire abonnentar for å halda fram som i dag.

Utskrift E-post