Grande til Nynorsk kultursentrum-jubileum

Kulturminister Trine Skei Grande (V) er æresgjest når Nynorsk kultursentrum feirar 15-årsjubileum i Ivar Aasen-tunet i Ørsta 28. september. Foto: Margunn Sundfjord / NPK Kulturminister Trine Skei Grande (V) er æresgjest når Nynorsk kultursentrum feirar 15-årsjubileum i Ivar Aasen-tunet i Ørsta 28. september. Foto: Margunn Sundfjord / NPK

Grande skal leggje ned blomstrar ved Ivar Aasen-bautaen i museumstunet og dessutan halde foredrag om samfunnsrolla til nasjonale kulturinstitusjonar.

Foredrag blir det òg om Jostein Nerbøvik (1938–2004), initiativtakaren til museumsinstitusjonen på Sunnmøre, mens direktør Ottar Grepstad skal halde avskilstale om "prinsippet makt". Grepstad går i haust av med pensjon etter 19 år ved roret i Nynorsk kultursentrum.

Nynorsk kultursentrum lover dessutan ei overrasking under det opne dagsprogrammet.

På kvelden blir det festmiddag for 110 inviterte gjester frå heile landet.

Stiftinga Nynorsk kultursentrum vart skipa i 1993 for å drive museet Aasen-tunet i Hovdebygda i Ørsta. I dag har institusjonen 20 fast tilsette og driv i tillegg til Aasen-tunet nettleksikonet Allkunne, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik og Vinje-senteret i Vinje i Telemark. Kvart år står Nynorsk kultursentrum òg bak festivalane Dei nynorske festspela, Ulvik poesifestival og Litteraturdagane i Vinje.

– Dei som drog dette i gang i 1990, ville for alt i verda at dette skulle bli ein nasjonal kulturinstitusjon. Men ingen tenkte den gongen at Nynorsk kultursentrum skulle bli det største litteraturmuseet i Noreg, seier Ottar Grepstad i ei pressemelding.

Allkunne-redaktør Per Magnus Sandsmark tar i haust over etter Ottar Grepstad som direktør i Aasen-tunet.

Utskrift E-post