Astrid Marie Grov ny redaktør i Norsk Tidend

Astrid Marie Grov (33) frå Tinn i Telemark er tilsett som ny redaktør i medlemsavisa til Noregs Mållag og som kommunikasjonsrådgjevar i organisasjonen.

 

– Noregs Mållag er flinke til å løfta fram språkpolitiske spørsmål i samfunnet. Eg ser fram til å bli ein del av ein aktiv språkorganisasjon, seier Astrid Marie Grov, ifylgje E24.

Leiaren i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, er glad for å få Astrid Marie Grov med på laget.

– Vi får ein tilsett med solid fagkompetanse på aktuell språkpolitikk og journalistikk, seier han.

Grov kjem frå Språkrådet der ho dei siste åtte åra har vore knytt til seksjon for språk i skule og offentleg forvaltning. I Språkrådet har ho også journalistisk røynsle frå Språknytt og redaktør for Statsspråk.

Tidlegare har ho vore tilkallingsvikar i NRK Dagsnytt og nynorskpraktikant ved Nynorsk mediesenter.

I Noregs Mållag tek Grov over etter Kjartan Helleve som går til stillinga som dagleg leiar i Kringkastingsringen. (©NPK)

Utskrift E-post