Samanslåingskommunar får arkivtilsyn i haust

Kommunar som skal slå seg saman er blant dei som har førsteprioritet når Arkivverket i haust skal gjennomføra tilsyn med rundt 60 verksemder.

 

– I kommunal sektor har vi søkjelys på kommunar som skal slå seg saman i 2020. Denne prioriteringa er basert på erfaring som viser at kommunesamanslåingar fører med seg stor risiko for samanblanding og tap av arkiv, seier fagdirektør Kjetil Reithaug for seksjon for Dokumentasjonsforvaltning i Arkivverket i ei pressemelding.

Målet med det årlege tilsynet til Arkivverket er å sikra at arkiv som har kulturell eller forskingsmessig verdi – eller som inneheld rettsleg eller viktig forvaltningsmessig dokumentasjon – blir teke vare på og gjort tilgjengeleg for samtida og ettertida.

– Kommunane er dei organa som kjem enkeltinnbyggjarane nærmast og tap av arkiv kan her få store direkte følgjer for mellom anna rettane til enkeltpersonar, seier Reithaug.

Medrekna tilsynet i haust meiner Arkivverket at minst halvparten av kommunane i kvar samanslåingsprosess har fått tilsyn frå Arkivverket dei siste åra.

Blant statlege verksemder har Arkivverket i haust valt å prioritera organ med stor samfunnsmessig betydning som tidlegare ikkje har fått tilsyn. Dette omfattar mellom anna Utanriksdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og eit utval av organa som ligg under desse departementa. (©NPK)

Utskrift E-post