Bent Høie vil bli fylkesmann i Rogaland

Helseminister Bent Høie (47) søkjer embetet som fylkesmann i Rogaland, og har samtidig varsla Høgre om at han ikkje tar attval til Stortinget i 2021.

 

Dersom Høie blir utnemnt, vil han tidlegast kunne tiltre når inneverande stortingsperiode blir avslutta hausten 2021.

– I 2021 vil eg ha sete over 20 år på Stortinget, og det er derfor på tide å sleppe andre til. Embetet som fylkesmann i Rogaland er ei unik moglegheit til å framleis kunne jobbe for heimfylket mitt, men i ei anna rolle. Samtidig er Høgres noverande møtande stortingsrepresentantar frå Rogaland veldig dyktige, og eg meiner det er rett at andre ved neste val toppar lista til Rogaland Høgre, seier Bent Høie.

Han fortset som statsråd.

– Eg fortset som helseminister, og blir sitjande i regjering så lenge statsministeren ønsker det, seier Høie. (©NPK)

Utskrift E-post