Populær nynorsk leseaksjon – men enno bøker igjen

Frå lanseringa av Tid for ti på Hauge-senteret tidlegare i år. Foto: Foreningen Les!Frå lanseringa av Tid for ti på Hauge-senteret tidlegare i år. Foto: Foreningen Les!

Tid for ti er ein leseaksjon på 7. trinn i norsk skule som formidlar nynorsk litteratur. Aksjonen er frå januar til juni. Påmeldinga til Tid for ti 2019 går unna, men det er enno mogleg å melde seg på.

 

Foreningen Les! satsar på eit nytt rekordopplag i den populære leseaksjonen Tid for ti. Tidlegare i år fekk 20.000 sjuandeklassingar samlinga av utdrag frå ti nynorske bøker. Det er ny rekord.

Denne gongen har Foreningen Les! høve til å senda ut rekordmange 25.000 eksemplar. Allereie fem veker før påmeldingsfristen er ute, er det kome inn nesten 20.000 bestillingar.

Boklista til neste Tid for ti er under arbeid. Den blir klar om kort tid.

Sjå lista over bøker i fjor!

PÅMELDINGSSKJEMA HER!

Frist: 6. november 2018.

Utskrift E-post