– Vi er nok viktigare enn vi sjølve forstår

Direktør Åse Wetås i Språkrådet la krans ved Ivar Aasen-bautaen i Aasen-tunet.Direktør Åse Wetås i Språkrådet la krans ved Ivar Aasen-bautaen i Aasen-tunet.

– Vi er nok viktigare for folk enn vi sjølve forstår, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum etter 25-årsjubileet før helga. – For tilsette i ein institusjon som vil vere til nytte for andre, gjer det godt å høyre så mange seie at det vi gjer, betyr mykje. Det skal vi vite å utnytte i framtida, seier Grepstad.

 

Direktør Åse Wetås i Språkrådet la krans ved Ivar Aasen-bautaen i Aasen-tunet, og for ein fullsett sal i Aasen-tunet blei utviklinga av Nynorsk kultursentrum belyst frå fleire synsvinklar. Nær 1400 var innom nettsendinga frå arrangementet. På jubileumsdagen presenterte Nynorsk kultursentrum «Den store ideen», ei jubileumsbok på 100 sider med laus snipp. –Den gir vi gratis som alle som vil, seier Grepstad.

Tidlegare nestleiar og rådsordførar Grete Riise (bildet) viste korleis Ivar Aasen-tunet var ideen som blei stor. Roger Erlandsen, tidlegare direktør ved Akershusmuseet, meinte at Nynorsk kultursentrum er blitt ein viktig kulturarvinstitusjon «som både ivaretek lange linjer i norsk historie og kjem med tunge og viktige innspel i norsk samfunnsdebatt, slik ein moderne kulturinstitusjon skal gjere». Med sine mange tiltak og nettstader er Nynorsk kultursentrum sjølve episenteret for nynorsk og ein kunnskapsnavigatør vi ikkje kan klare oss utan, sa Erlandsen.

Til jubileet presenterte jubilanten 20 år gamle Synne frå Lesja, som sleppte den første singelen sin for ei veke sidan. Under festmiddagen fredag kveld spelte Benedicte Maurseth hardingfele slik berre ho gjer det, og Maria Parr skapte litterær fest med eit utdrag frå «Keeperen og havet». Arnfinn Kolerud fekk eit jubileumsstipend på 200 000 kroner for å skrive band tre i ein trilogi der han gav ut to ungdomsromanar i 2010 og 2012.

– Utan atterhald og kompromiss diktar Kolerud om eit nynorskmiljø der dei mest utrulege ting skjer. – Det er så mykje humor i dette språket at vi må dele det med verda, seier Grepstad.

I festtalen sin heidra styreleiar Lodve Solholm både dei som drog det heile i gang og dagens mange tilsette. Han framheva særleg Jostein Nerbøvik (1938–2004), som han kalla regissøren for det heile. Forsamlinga reiste seg til ære for enkja Ellen H. Kristvik.

Etter festmiddagen stod helsingstalarane i kø, 17 i talet, frå stiftarar, samarbeidspartnarar og gode naboar til pionerane frå 1990-åra. Adm. direktør Stig Brautaset overrekte 100 000 kroner frå Sparebank1 Søre Sunnmøre med ønske om at pengane blir brukte til tilbod for barn og unge. I si helsing røpte kulturminister Trine Skei Grande at det statsbudsjettet som regjeringa legg fram om ei veke, inneheld 8,4 millionar til bygging av Vinje-senteret.

– Alt vi har av kunnskap og erfaringar, legg vi inn i det prosjektet dei neste åra, seier Ottar Grepstad.

Utskrift E-post