Kan Stavanger verte landets største nynorskkommune?

SV-politikar Eirik Faret Sakariassen håpar å styrke nynorsken. Foto: Marius Nyheim Kristoffersen/SVSV-politikar Eirik Faret Sakariassen håpar å styrke nynorsken. Foto: Marius Nyheim Kristoffersen/SV
Stavanger SV foreslår at nynorsk skal verte målforma i den komande storkommunen.

– Vi ønskjer å fremje den nynorske språkidentiteten. Eg meiner Tore Renberg har rett når han seier nynorsk som skriftspråk passar betre for dei som snakkar Stavanger-dialekt. Det hadde kledd Stavanger veldig godt!  

Det seier Eirik Faret Sakariassen, kommunalråd i Stavanger kommune og gruppeleiar for Stavanger SV. Partiet foreslår no at den nye storkommunen Stavanger skal ha nynorsk som tenstemål og administrasjonsmål.

Inspirert av Renberg

Sakariassen legg ikkje skjul på at han vart inspirert av Tore Renberg si nylege kjærleikserklæring til nynorsken.

– Han hadde nokre solide poeng, og det vekka eit engasjement for meg personleg for å gjere noko for nynorsken, seier Sakariassen.

Renberg si tale vart sitert og delt både i media og på sosiale medium av tallause privatpersonar. SV-politikaren håpar difor forfattaren maktar å snu litt av den negative nynorsktrenden i Stavanger.

– Eg trur han har laga eit rom for forståing for det forslaget SV no kjem med. Mange vil nok meine det er uriktig eller dumt, men vi har også møtt overraskande mange gode reaksjonar!

Nynorsk i undertal

Frå og med 1. desember 2020 slår Stavanger, Finnøy og Rennesøy seg saman og vert til storkommunen Stavanger.

Dei tre kommunane representerer no tre ulike svar på språkspørsmålet: kva målform staten skal nytte i sine skriv til kommunen (tenestemål) og kva målform dei tilsette i kommunen skal nytte (administrasjonsmål).

Med nesten 130 000 innbyggjarar er Stavanger den desidert største kommunen av dei tre. Rennesøy og Finnøy har under 10 000 innbyggjarar samanlagt. Sakariassen synest difor nynorsk som målform ville vore ein fin gest til dei mindre kommunane i reformen.

– Det er ein del andre ting der vi ikkje er like rause, seier Sakariassen.

Les også: Slutt på nynorskklasse i Stavanger

Nøytralt forslag frå prosjektgruppa

Ikkje alle er like positivt innstilt til forslaget frå SV. Bystyrerepresentant for Arbeiderpartiet i Stavanger og fylkesvaraordførar i Rogaland, Marianne Chesak, synest ikkje det er ein god idé å gje storkommunen målforma til mindretalet.

Marianne Chesak. Foto: Rogaland FylkeskommuneMarianne Chesak. Foto: Rogaland Fylkeskommune
Marianne Chesak. Foto: Rogaland Fylkeskommune

– Det sa vel også Finnøy, som er nynorskkommune i dag, nei til. Eg trur at ein må ta det steg for steg. Med ein gong folk opplever at dei vert pålagt noko, så møter det motstand. Det vert for mykje, for fort, seier Chesak.

Ho både håpar og trur at den nye storkommunen vert språknøytral og slik kan verte flinkare å ivareta nynorskbrukarane i området.

Også prosjektgruppa Symboler, identitet og felles kultur vart 17. september samde om å anbefale ei nøytral målform for den komande storkommunen. Dei har hatt i oppgåve å «starte prosessen med å utvikle ein ny felles identitet» for nye Stavanger.

Spørsmålet skal opp i fellesnemnda 15. oktober, men den endelege avgjersla lyt likevel vente. Det vert opp til det nye by- eller kommunestyret.

Les også: Hordaland + Sogn og Fjordane = Nynorsk

Fylkesmannen kan skifte målform

Sjølv er Sakariassen skuffa over å ikkje ha fått meir støtte frå distriktspolitikarane, men han er også klar over at forslaget kan tolkast som vel kontroversielt. Ut frå dei reaksjonane forslaget om nynorsk har møtt, trur difor SV-politikaren at nye Stavanger kommune vert språkleg nøytral. Det har både positive og negative sider trur han.

– Om det vert vedteke nøytralt tenestemål og administrasjonsmål vil det vere ein dobbel situasjon. Då vil det verte meir nynorsk i Stavanger enn det er no – det vil verte fleire sakspapir på nynorsk, men på fylkesmann-nivå vert det endra, der vil nok nynorsken verte svekka.

I dag er 12 av Rogaland sine 26 kommunar nøytrale språkpolitisk, medan 14 kommunar har gjort eige språkvedtak – 3 for bokmål, 11 for nynorsk. Eit fleirtal av kommunane har med andre ord valt ei målform, det tyder at også Fylkesmannen må gjere det. Og sidan eit fleirtal av dei 14 kommunane har valt nynorsk, så er det også nynorsk Fylkesmannen må nytte.

Når talet kommunar i 2020 vert redusert til 23, og to av dei som aktivt har gjort eit språkvedtak – Stavanger og Finnøy – kanskje vert nøytrale, så vert forholdet endra. Då vil fleirtalet av kommunar i Rogaland ikkje ha fatta eige språkvedtak, og mållova kan ikkje lenger kreve at Fylkesmannen nyttar nynorsk.

Les også: Slik vil Bergen ta ansvar for meir nynorsk

Utskrift E-post