Framleis stor motstand mot Vestland

I målinga, som er gjennomført av Sentio for NRK , seier 64,8 prosent at dei vil fortsette som eige fylke. I fjor svarte 64 prosent av folket i fjordfylket det same. Mens 29 prosent var for samanslåing for eit år sidan, er det berre 26,6 prosent som ønsker seg dette i dag. 8,7 prosent svarar «veit ikkje».

Fleire meiner at det er udemokratisk at stortingsfleirtalet ser ut til køyre gjennom regionreforma, trass i motstand frå folk flest. Stortingspolitikar Tore Storehaug (KrF) er ikkje einig.

– Eg er valt på KrFs partiprogram. Der har vi dei siste tolv åra gått inn for ei reform som denne, seier han.

– Problemet er ikkje at det er for mykje makt i Leikanger, Førde eller Bergen. For mange avgjerder blir tatt i Oslo og av ansiktslause byråkratar. (©NPK)

Utskrift E-post