Uviss framtid for nytt og populært tilbod for barn på nynorsk

LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisensLNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Statsbudsjettet gjev ikkje Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) nokon auke. Det vil føra til kutt i det nye tilbodet Framtidajunior.no.

 

LNK starta oktober 2017 det digitale nynorskløftet for barn, Framtidajunior.no. Allereie har over 60.000 tatt i bruk den nynorske nettavisa for barn.

– Tilbakemeldingane frå borna er svært gode, og brukartalet aukar. Då er det trist at me må kutta i tilbodet vårt når me har kome så godt i gang, seier redaktør Svein Olav B. Langåker.

Framtidajunior.no blei starta 17. oktober 2017 etter at LNK fekk prosjektstøtte frå Kulturdepartementet og Utdanningsdirektoratet. Prosjektet blei òg finansiert med ein god del eigenfinansiering og støtte frå Sparebanken Vest, ABC Startsiden og Samlaget.

LNK har søkt om ein auke i støtta på 1,2 millionar kroner, der 700.000 skulle gått til Framtidajunior.no og 500.000 til Framtida.no. Kulturdepartementet føreslår å auka støtta med berre 35.000 kroner frå 1,51 millionar i dag.

Dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland, seier han er nøgd med at organisasjonen no er inne igjen på statsbudsjettet etter at støtta til organisasjonen har blitt stroke i kvart statsbudsjett sidan 2014. Sidan den gongen har driftstilskotet til LNK blitt redda av budsjettforlik i Stortinget.

– No håpar me at Stortinget kan vera med på å sikra støtte til det viktige digitale nynorskløftet for barn, Framtidajunior.no, seier Høviskeland.

Utskrift E-post