Ivaretaking tema for Nynorske litteraturdagar

Laurdag 20. oktober kjem Karl Seglem til Nynorske litteraturdagar for å urframføra verket «Verdsarv». Foto: Ådne Dyrnesli Laurdag 20. oktober kjem Karl Seglem til Nynorske litteraturdagar for å urframføra verket «Verdsarv». Foto: Ådne Dyrnesli

Arrangørane peikar på at folk i vår tid blir bedne om å ta vare på så mangt, på miljøet, naturen, familien, venner, på oss sjølve.

Gøril Grov Sørdal er ein av forfattarane som kjem til Nynorske litteraturdagar. Ho skal fortelja om boka si «Nomino - historia om norske stadnamn». Foto: Nynorske litteraturdagarGøril Grov Sørdal er ein av forfattarane som kjem til Nynorske litteraturdagar. Ho skal fortelja om boka si «Nomino - historia om norske stadnamn». Foto: Nynorske litteraturdagar– Kven tek desse vala? Korleis prioriterer me? Kven set «verdien»? Kven tek vare på deg? Kven tek du vare på? spør arrangørane som ønskjer å ha søkjelys på dei vala som blir retningsskapande for framtida vår.

Gjennom tre dagar med bøker, musikk og inviterte gjester vil festivalen kasta lys over desse spørsmåla på ulike måtar.

Nynorske littereraturdagar kan mellom anna by på ordskifte mellom ungdom og politikarar, poesiyoga og pop-up konsert, bokbad med aktuelle forfattarar, skuleprogram og barneprogram med forteljarsti og skumle soger i haustmørket. På den musikalske sida kan festivalen mellom anna by på urframføring av verket «Verdsarv» med Karl Seglem og medmusikarar. (©NPK)

Utskrift E-post