Regjeringa vil halde fram med differensiert arbeidsgivaravgiftI

Ein ny rapport viser at ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift er det beste verkemiddelet for å motverke befolkningsnedgangen i distrikta. Regjeringa er nøgd med resultata og ønsker å føre ordninga vidare.

 

Den differensierte arbeidsgivaravgifta går ut på at næringslivet i distriktet betaler ein lågare sats enn i sentrale strøk.

– Evalueringa viser at ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift bidrar til å forhindre eller redusere befolkningsnedgangen i distrikta. Det betyr at ordninga verkar etter hensikta, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H).

Ordninga har fått EØS-rettsleg statsstøtte, og ei vidareføring vil krevje godkjenning frå EØS-tilsynet ESA. Evalueringa er eit krav i statsstøtteregelverket, og vil også danne grunnlaget for ei eventuell vidare godkjenning.

– Dette tiltaket gir distrikta rundt 14 milliardar kroner i avgiftslette i året, og er det mest omfattande distriktspolitiske verkemiddelet vi har. Vi ønsker å føre ordninga vidare slik at vi kan ta med oss dei positive effektane inn i framtida også, seier finansminister Siv Jensen (Frp).

Det er Samfunnsøkonomisk Analyse AS som har evaluert ordninga på oppdrag frå Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. (©NPK)

Utskrift E-post