Språkrådet fryktar for norsk som fagspråk

- Me kan ikkje overlata språkteknologi til internasjonale aktørar. Noreg må vera med å bestemma og stilla krav om at me skal ha slike tenester på norsk og på begge målformer, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås. Foto: Mariam Butt / NTB scanpix / NPK- Me kan ikkje overlata språkteknologi til internasjonale aktørar. Noreg må vera med å bestemma og stilla krav om at me skal ha slike tenester på norsk og på begge målformer, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås. Foto: Mariam Butt / NTB scanpix / NPK
Mindre enn ti prosent av publikasjonane frå dei tre største universiteta i Noreg er norsk. Det viser at universiteta manglar strategi og vilje i språkpolitikken, meiner Språkrådet.

Forskarar publiserer mindre på norsk. Nær 90 prosent av den vitskapelege publiseringa er no på engelsk. Det er særleg innan humanistiske fag at bruken av norsk som publiseringsspråk går ned, skriv På Høyden.

Nedgangen er tydleg både målt i prosentdel og i absolutte tal.

Les også: Slår alarm for norsk språk

Må ha fleire og betre tiltak for norsk

– Me er sjølvsagt ikkje imot at det blir publisert på engelsk, der det er det beste alternativet. Men erfaringa vår er at det språket som er meritterande har ein tendens til å «smitta» over og leggja føringar på språkbruken innan andre arbeidsområde. Dersom forskarane publiserer på engelsk, må universitet og institutt derfor ha fleire og betre tiltak for å styrke det norske språket, seier direktør Åse Wetås i Språkrådet til avisa.

Det er særleg ved NTNU og Universitetet i Oslo (UiO) at humanistane skriv mindre på norsk. Ved UiO har delen norsk falle frå 43 prosent i 2011 til 24 prosent i 2017. Humanistane ved NTNU brukar 21 prosent norsk i publikasjonane sine, viser Indikatorrapporten frå Forskingsrådet.

– Uavhengig av publiseringsspråket må institusjonane sørgja for at kandidatar og tilsette blir trente i norsk. Inntrykket vårt er at meir og meir av aktiviteten ved universiteta føregår på engelsk. Slik treng det ikkje å vera, og slik bør det ikkje vera, seier Wetås.

Les også: Høgskular og universitet får språkrefs

Utskrift E-post