Vinje er Årets nynorskkommune!

Årets nynorskkommune 2018: F.v. Statssekretær Jan Christian Kolstø (V), ordførar i Vinje Jon Rikard Kleven og assisterande rådmann i Vinje Anders Sandvik. Foto: Aasen-tunet, Gaute ØverengÅrets nynorskkommune 2018: F.v. Statssekretær Jan Christian Kolstø (V), ordførar i Vinje Jon Rikard Kleven og assisterande rådmann i Vinje Anders Sandvik. Foto: Aasen-tunet, Gaute Øvereng

Kulturdepartementet har kåra Vinje kommune i Telemark til årets nynorskkommune.

 

Vinje utmerkjer seg som ein tydeleg nynorskaktør i eit fylke der nynorsken er under press, meiner juryen.

– Nynorsk er eit mindretalsspråk og treng eit særleg vern. Det har Vinje kommune skjønt, seier leiaren i prisjuryen, seksjonssjef Margrethe Kvarenes i Språkrådet.

Juryen har lagt vekt på at Vinje er ein føregangskommune i arbeidet for å gi innvandrarar norskopplæring på nynorsk, og at kommunen har kravd at nynorsk skal vere språket i fellesprofileringa av Vinje som reisemål.

– På sitt trygge kulturgrunnlag har årets nynorskkommune arbeidd strategisk og kreativt for å gjere nynorsken til eit godt og levande bruksspråk. Det går klart fram av både planar og resultat at Vinje kommune har vilje til språk, heiter det i det skriftlege grunngivinga.

Prisen er på 100.000 kroner.

Tenkjer framover

I kultur- og idrettshuset Vinjehuset heng jamstillingsvedtaket frå 1885 på veggen. Vinje kommune har òg teke initiativ til feiringa av 200-årsjubileet for Aasmund Olavsson Vinje i
2018, og bidreg med ulike tiltak til å feire og minnast Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas og Aslaug Vaa.

– Om vi ikkje tek vare på språkarven vår, blir vi som ein bekk utan kjelde, sa ordførar Jon Rikard Kleven i takketalen.

– Samstundes som nynorskhistoria står sentralt i Vinje, nyttar dei nynorsk til å tenkje framover. Dei er medvitne nynorsk når innvandrarar og innflyttarar kjem til kommunen, og er
med på å etablere eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk i Vinje, seier dagleg leiar ved Vinje-senteret Kristian W. Rantala i ei pressemelding.

– Gratulerer!

– Vinje kommune nyttar nynorsk i kommunikasjon, forvaltning, marknadsføring og til å byggje identitet og fellesskap i kommunen. Gratulerer med velfortent pris! Det er kjekt
å samarbeide med kommunen om å etablere og drive Vinje-senteret for journalistikk og dikting, seier styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Dagleg leiar i Aasen-tunet sit i juryen til Årets nynorskkommune. Styret, direktøren eller dagleg leiar Vinje-senteret har ikkje vore med i prisarbeidet.

Utskrift E-post