Nynorsk kultursentrum utvidar i Vinje og Ørsta

Staben i Nynorsk kultursentrum blir neste år utvida med tre nye stillingar, ei i Vinje og to i Ørsta.
Frå 1. mars neste år får dagleg leiar Kristian W. Rantala i Vinje-senteret med seg ein ny medarbeidar. Den nye medarbeidaren skal særleg arbeida med kulturprogrammet til senteret.
– Frå 2019 vil vi ha eit kulturprogram i Vinje gjennom heile året. Den nye museums- og festivalsekretæren får ansvar for å gjennomføra det, seier Rantala i ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum som Vinje-senteret er ein del av.
 
Utviding i Ørsta
Litteraturdagane i Vinje og arrangementa til Nynorsk kultursentrum i bokåret 2019 blir òg ein del av oppgåvene til den nye medarbeidaren.

Den som blir tilsett skal også vera med å byggja opp Vinje-senteret til ein nasjonal institusjon som formidlar dikting og journalistikk til ulike målgrupper.

Tilsetjinga er ein del av ei større utviding og omorganisering av staben ved Nynorsk kultursentrum. I tillegg til den nye medarbeidaren i Vinje, blir det oppretta to nye stillingar i Ørsta, ei som administrasjonssjef i Nynorsk kultursentrum og ei 80 prosent stilling som marknadsførar i Aasen-tunet.

I år feira Nynorsk kultursentrum 25 år! Kor mykje kan du om jubilanten? Prøv deg på quiz!

Ny administrasjonssjef

Gaute Øvereng (49) som dei siste sju åra har vore dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, er alt tilsett som administrasjonssjef i Nynorsk kultursentrum frå 1. april 2019, medan stillinga hans som dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet blir lyst ut i desember med søknadsfrist på nyåret, heiter det. (NPK)

Utskrift E-post