No har Os kommune flest nynorskelevar i Noreg

Marie Elisabeth Lunde Bruarøy er fungerande ordførar i Os kommune. Foto: Erlend A. Lorentzen / Os kommuneMarie Elisabeth Lunde Bruarøy er fungerande ordførar i Os kommune. Foto: Erlend A. Lorentzen / Os kommune
Talet på nynorskelevar i kommunen sør for Bergen auka med 170 i haust.
– Kva er det du seier? Er me største nynorskkommune?! seier Marie Elisabeth Lunde Bruarøy (H) på telefonen når Framtida.no ringjer. Ho er fungerande ordførar i Os kommune medan Terje Søviknes er på ferie.

Nye tal frå Utdanningsdirektoratet fortel at Os kommune rasar forbi Hå og Stord. Sistnemnde har vore største nynorskkommunen i fleire tiår, men vart i fjor forbigått av tilflyttarkommunen Hå på Jæren. No i haust gjekk også Os forbi.

– Me er jo ein vekstkommune, så det har nok med det å gjera. Som nynorskforkjempar gler det hjartet mitt at dei nye innbyggjarane våre vel nynorsk til barna sine. Eg skal kjempa for nynorsken så lenge han er ein viktig del av norsk kultur, seier høgrepolitikaren.

Eldbjørg Kræmmer i Os Mållag er òg strålande nøgd med veksten i nynorskelevar.

– Heilt fanastisk! Me er heldige som har mange flinke lærarar, og foreldre som vel nynorsk for barna sine, trass stort press frå Bergen, seier ho.

Les også: Nynorsk pressekontor får pengar til nynorskrobot

Større konkurranse

Varaordføraen legg til at kommunen skal følgja lova og gi bokmål til dei som ønskjer det, men forventar fleire nynorskbrukarar i framtida.

– Og større nynorskommune skal me bli, når me slår oss saman med Fusa i 2020, legg ho til.

Men den nye Bjørnefjorden kommune får konkurranse av dei nye storkommunane Ålesund og Sunnfjord.

Talet på nynorskelevar i Noreg er dette skuleåret 76.137 elevar. Det er ein nedgang på 215 elevar.

Her er dei 15 kommunane som har opplevd største auke i talet på nynorskelevar i år!

Utskrift E-post