Snart kan du lesa til førarprøven på nynorsk

Ordførar i årets nynorskkommune 2018, Jon Rikard Kleven, vil bruka prispengane til å sikra nynorsk i pensum til trafikkteorien. Foto: Senterpartiet, FlickrOrdførar i årets nynorskkommune 2018, Jon Rikard Kleven, vil bruka prispengane til å sikra nynorsk i pensum til trafikkteorien. Foto: Senterpartiet, Flickr
Årets nynorskkommune brukar prispengane på å gje ut bok i samarbeid med Fagbokforlaget.

I dag er det ikkje tilgjengeleg teoribøker for teoriprøven til bil på nynorsk. Det vil Vinje kommune i samarbeid med Fagbokforlaget gjera noko med.

NRK Telemark melder denne veka at Fagbokforlaget og Vinje kommune skal gje ut ei lærebok til førarprøven klasse B på nynorsk.

Les også: Christina lærer unge å køyra lastebil

Tidlegare i år kåra Kulturdepartementet Vinje til årets nynorskkommune. Ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) avslører til NRK at kommunen vil bruka prispengane på 100.000 kroner på læreboka.

Norsk Målungdom skriv på Facebook at dei diggar at Vinje kommune brøytar veg for nynorsken og gjer det lettare å verta nynorsktrafikant.

Utskrift E-post