Stadig fleire skular bruker Framtida.no og Framtidajunior.no

Skrive av Svein Olav Langåker .

Framtida.no-redaksjonen ved Christian W. Gjerde, Bente Kjøllesdal, Beate Haugtrø, Svein Olav B. Langåker og Andrea Rygg Nøttveit.Framtida.no-redaksjonen ved Christian W. Gjerde, Bente Kjøllesdal, Beate Haugtrø, Svein Olav B. Langåker og Andrea Rygg Nøttveit.

Rekord for samla tidsbruk på Framtida.no, og mangedobla tal på brukarar frå skular.

Totalt i 2018 har 650.000 brukarar vore innom Framtida.no. Det er ein nedgang på 175.000 frå rekordåret 2017. Men i fjor stod to saker for 230.000 brukarar åleine. Sett vekk frå desse to virale sakene i 2017, har Framtida.no opplevd ein auke i brukartalet.

Kvar månad har 60-90.000 brukarar vore innom nettstaden.

Tidsbruken på Framtida.no per brukarøkt har i snitt auka med 30 prosent i 2018 samanlikna med 2017. Det gjev rekord i tidsbruk på nettstaden.

Trafikken frå læringsplattformar som It´s learning, Fronter og Google Classroom har mangedobla seg. Det viser at Framtida.no blir mykje brukt i skulen. Framtida.no og Framtidajunior.no har òg vore ute på skuleturné og heldt journalistikkurs, debattkurs og bokbadarkurs for over 1000 elevar over heile Vestlandet. I tillegg har Framtida.no arrangert fleire seminar og debattkurs i året som har gått.

LES OGSÅ: Her er dei mest populære sakene i 2018

I 2018 har Framtida.no hatt ein redaksjon på knapt fire årsverk. Redaksjonen har kontor i Oslo og på Stord. Framtidajunior.no har to journalistar.

Over 70.000 brukarar var innom Framtidajunior.no i 2018.

LNK arbeider enno med å få til fullfinansering av drifta av Framtidajunior.no i 2019, og håpar regjeringa vil lytta til denne merknaden frå kulturkomiteen i desember når revidert budsjett blir lagt fram i mai:

«Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Senterpartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti mener de to barne- og ungdomssatsingene til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er to svært vellykkede og viktige tiltak. Både framtida.no og framtidajunior.no leverer journalistikk som barn og ungdom ikke får tilgang til på nynorsk ellers. Flertallet oppfordrer regjeringen til å se på hvordan man kan sikre at disse satsingene kan videreføres.»

LES HEILE DEN REDAKSJONELLE RAPPORTEN VÅR HER!

Utskrift