Linda Eide er Årets hordalending

Linda Eide er kåra til Årets hordalending 2018 og vil gi prispengane til eit lokalt kulturhus-prosjekt i Nordfjord. Foto: Margunn Sundfjord / NPK.Linda Eide er kåra til Årets hordalending 2018 og vil gi prispengane til eit lokalt kulturhus-prosjekt i Nordfjord. Foto: Margunn Sundfjord / NPK.
Forfattar og journalist Linda Eide er kåra til Årets hordalending 2018 av Hordaland fylkeskommune. Prisen er eit diplom og 50.000 kroner.

Linda Eide blir heidra som ein sterk kulturberar og formidlar av det norske språket og særskilt det nynorske. Ho har evne til å sjå både med auga og med hjartet og gjer det ordinære om til noko underfundig og attkjenneleg for mange. Ho har ei eiga evne til å ta vanskelege ord ned til eit folkeleg nivå og formidle bodskapen på ein humoristisk måte og til ettertanke, meiner Hordaland fylkeskommune.

– Dette er veldig inspirerande. Eg har alltid likt fylkeskommunen, men visste ikkje at fylkeskommunen likte meg, seier Linda Eide som vil gi prispengane til attreisinga av Pederhuset på Breim i Gloppen, som musikar Sigrid Moldestad står bak. Det skal bli eit lokalt kulturhus for formidling av folkemusikk. Peder Råd var læremeisteren til Moldestad.

Med prisen Årets hordalending ønskjer Hordaland fylkeskommune å løfte fram dei eller den som gjer ein ekstraordinær innsats for fylket. Dette skal vere ekstraordinære prestasjonar, handlingar og engasjement hos personar, lag, foreiningar eller verksemder med tilknyting til Hordaland. (©NPK)

Utskrift E-post