Regjeringa vil ha fleire språkkommunar

Skrive av NPK .

Elisabeth Bjørnsen Leland og dei andre tilsette i Sveio barnhage jobbar systematisk med språk. Her les ho med Birk Aleksander Roos og Mathilde Wirkola Lye. Arkivfoto: Ingunn GjærdeElisabeth Bjørnsen Leland og dei andre tilsette i Sveio barnhage jobbar systematisk med språk. Her les ho med Birk Aleksander Roos og Mathilde Wirkola Lye. Arkivfoto: Ingunn Gjærde

Kunnskapsdepartementet inviterer kommunar og fylkeskommunar til å søke om å bli språkkommunar, som skal få støtte til språkarbeid i barnehagen og skolen.

 

Språkkommunemidla skal gå til å etablere og drifte lokale faglege nettverk, der lærarar kan utvikle nye måtar for å jobbe med språk i skolen og barnehagen.

– Å arbeide systematisk med språk frå barna byrjar i barnehagen til dei går ut av vidaregåande legg eit svært viktig grunnlag for fagleg og sosial utvikling, integrering, studium og jobb, seier statssekretær Rikke Høistad Sjøberg i Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

72 kommunar er allereie språkkommunar. I tillegg til økonomisk tilskot, får dei fagleg støtte frå Lesesenteret og Skrivesenteret.

For å bli ein språkkommune, skal kommunane ha ei systematisk og heilskapleg satsing på språk, lesing og skriving i barnehagar, grunnskolar og vidaregåande skolar. (©NPK)

Les om korleis ein av Noregs første språkkommunar, Sveio kommune, har jobba med språket frå barnehagen til skulen!

Sveio blei kåra til Årets nynorskkommune 2017

 

Utskrift