«Skammarens dotter 2» får teksting og materiell på nynorsk

Rebecca Emilie Sattrup speler hovudrolla som Dina i «Skammarens dotter 2 – Slangens gåve», som har noregspremiere fredag 15. mars. Foto: Storm Films/EuforiaRebecca Emilie Sattrup speler hovudrolla som Dina i «Skammarens dotter 2 – Slangens gåve», som har noregspremiere fredag 15. mars. Foto: Storm Films/Euforia

Når «Skammarens dotter 2» kjem på kino frå 15. mars, kan kinoen velje å få alt materiell på nynorsk.

– Vi har fått veldig mange bestillingar frå nynorskkinoar, det er nok ikkje heilt tilfeldig, seier Vibeke Skistad ved Euforia film til NPK.

Svært få kinofilmar har vore tilgjengelege med teksting på nynorsk. Da den første filmen om Skammarens dotter kom på kino i 2015, var det ein av dei få.

Euforia film og Storm films som står for lanseringa av «Skammarens dotter 2 – Slangens gåve», er difor stolte av å kunne tilby både kino- og pressemateriell og teksting på begge målformer.

Filmen er basert på tredje boka i den danske bokserien skriven av Lene Kaaberbøl, som er omsett og utgitt på nynorsk av Samlaget.

Prinsipp og politikk

Både trailer, plakatar, standar, omtale og materiell til sosiale medium er tilgjengeleg på begge målformer.

Skistad er svært nøgd med å kunne tilby materiell på begge målformer for filmatiseringa av ei bok som allereie er godt etablert på nynorsk i Noreg.

Det har likevel ikkje vore ein heilt problemfri prosess. Infrastrukturen og systema nettsidene på er nemleg ikkje bygde for to versjonar. Distributøren har brukt ekstra mykje tid på å følge opp både bokmåls- og nynorsk-kinoar for å sikre at dei får rett materiell.

– Eg vil likevel ikkje gi opp, dette blir prinsipp og politikk for meg, seier Skistad til NPK.

Les også: Dansk publikum klagar på at danske skodespelarar snøvlar på film – landets største kinokjede innfører undertekstar på alle filmar

Krav om nynorsk

– Det kjem alt for sjeldan film med nynorsk filmteksting, og difor er arbeidet Euforia film har gjort her viktig, skriv leiar i Noregs Målungdom Fredrik Hope i ein kommentar til NPK.

I 2011 kom Kulturdepartementet med ei ny forskrift som innebar at alle norske filmar som får tilskot til anten utvikling, produksjon eller lansering må teksta filmen på norsk, slik at han er tilrettelagt for hørselshemma.

Norsk filminstitutt la då til grunn at kostnadane til digital teksting ville liggje mellom 10.000 og 15.000 kroner, samt at kinotekstane òg ville kunne nyttast på dvd- og fjernsynsvisningar.

Allereie då var Norsk Målungdom på banen og skriev i sitt høyringssvar at framlegget hoppa uelegant bukk over tilhøvet mellom nynorsk og bokmål – noko som ville resultera i bokmålsteksting av samtlege filmar.

Nyleg vedtok Målungdommen ei ny fråsegn der dei krev at den statlege filmstøtta skal koplast til eit krav om at produsenten skal levera teksting på både nynorsk og bokmål, samt at norske politikarar krever språkpolitisk ansvar frå strøymetenester som HBO og Netflix.

 

Utskrift E-post