Fjord og fjell blir fylkesvåpen for Vestland

Arbeidsutvalet i fellesnemnda for nye Vestland fylke har valt å arbeide vidare med eit fjordlandskap som nytt fylkesvåpen.

 

På møtet i arbeidsutvalet i Førde tysdag la prosjektleiar Rune Haugsdal fram fire ulike motiv for politikarane, eitt med fjord- og fjellmotiv og tre med motiv knytte til Gulatinget.

Les også: Namnet «Vestland»: Ein siger for lokaldemokratiet?

Folkefavoritten vart nedstemt

Politikarane valde gå vidare med ein variant av forslaget som fagkomiteen tilrådde i desember 2018.

Folkefavoritten, som vart kåra etter ei nettavstemming i haust, var òg med i vurderinga, men den nådde ikkje opp i denne runden.

Vedtaket var samrøystes, og alle medlemmene i arbeidsutvalet var samde om at ein no må sjå nærare på kva fargar det nye fylkesvåpenet skal ha, heiter det i ei pressemelding.

Administrasjonane i dei to fylkeskommunane skal no arbeide vidare med nytt fylkesvåpen, før saka går vidare til fellesnemnda for vedtak. Fellesnemnda har sitt neste møte 23. mai.

Det nye fylkesvåpenet skal endeleg vedtakast av fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Les alt om regionreforma på Vestlandet her!

Utskrift E-post