Aldri meir HÆ i Hå – kommunen fekk klarspråkpris

Kommunalminister Monica Mæland (til høgre) delte ut klarspråkprisane 2018 til Hå kommune, Utlendingsnemnda og Connie Slettan Olsen (til venstre). Foto: DifiKommunalminister Monica Mæland (til høgre) delte ut klarspråkprisane 2018 til Hå kommune, Utlendingsnemnda og Connie Slettan Olsen (til venstre). Foto: Difi

Klarspråkprisane 2018 går til Utlendingsnemnda og Hå kommune.

– Klarspråk lønner seg. Det er meir effektivt, både for forvaltninga og for innbyggjarane, og er avgjerande for at innbyggjarane skal forstå informasjon om rettar og plikter, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland i ei pressemelding.

Onsdag delte ho ut klarspråkprisane for 2018.

Hå er beste kommune

Hå kommune i Rogaland fekk prisen for kommunar og fylkeskommunar.

Juryen meiner språknøytrale Hå har høge ambisjonar og eit stort engasjement kring språk. Kommunen får særleg ros for å ha fått mykje ut av lite ressursar.

Klarspråk er integrert i alle einingar, og kommunen er i ferd med å endre heile kulturen. Her får ikkje berre nytilsette, men også politikarar kurs i klarspråk. Dette gjer at språkarbeidet er forankra også utanfor den administrative leiinga,» heiter det i grunngjevinga.

Brev frå Utlendingsnemnda

Klarspråkprisen for staten går til Utlendingsnemnda. Juryen meiner dei evnar å formidla juss på ein enkel måte.

«Dei som tek imot brev frå årets vinnar, er ofte i ein krevjande livssituasjon. Vedtaka kan vera avgjerande for dei det gjeld. Vinnaren har sikta seg nøye inn på målgruppene sine, og har gjort seg gode refleksjonar anten dei skriv til advokatar eller mannen i gata,» heiter det i grunngjevinga.

Juryen erkjenner at eit godt bokmål truleg er det viktigaste for dei fleste brukarane, men vil òg oppmode vinnaren til å bruka meir nynorsk. Utlendingsnemnda brukar òg ein del midlar på å omsetje til andre språk.

Sjøfartsdirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet (Nav) får òg heiderleg omtale.

«Årets trekkhund»

Den siste utmerkinga vert kalla «Årets trekkhund» og går til ein enkeltperson. Denne går til Connie Slettan Olsen, som blir heidra for den spesielle innsatsen sin i Meløy kommune.

«Med enorm kapasitet har ho oppnådd mykje utan eit stort nettverk rundt seg», framhevar juryen, som håpar vinnaren kan inspirere andre eldsjeler i Nord-Noreg.

Utskrift E-post