Bibliotekarar etterlyser opplæring og ressursar

Dei tilsette i folkebiblioteka i Møre og Romsdal ønskjer seg meir opplæring og fleire ressursar for å møta nye lovpålagde bibliotekoppgåver. Illustrasjonsfoto: Thomas Brun / NTB scanpix / NPKDei tilsette i folkebiblioteka i Møre og Romsdal ønskjer seg meir opplæring og fleire ressursar for å møta nye lovpålagde bibliotekoppgåver. Illustrasjonsfoto: Thomas Brun / NTB scanpix / NPK

Tilsette ved folkebiblioteka i Møre og Romsdal ønskjer seg meir opplæring og ressursar for å møta dei nye oppgåvene biblioteka er pålagde, viser ny undersøking.

 

Funna kjem fram i ei kartlegging Møreforsking har gjort av kompetansen til dei tilsette ved folkebiblioteka i fylket, fortel Møre og Romsdal fylkeskommune på eigne nettsider. Kartlegginga er gjort på oppdrag av fylkeskommunen.

– Resultata syner mellom anna at dei tilsette i folkebiblioteka i stor grad føler seg kompetente på dei vanlegaste arbeidsområda sine, som rettleiing av lånarane. Der dei i størst grad ønskjer seg meir kompetanse er innanfor relativt nye typar formidling og oppgåver, som arrangementsavvikling og prosjektaktivitetar, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Mange folkebibliotek etterlyser også betre økonomi, biblioteklokale og fleire stillingar for å møta nye bibliotekoppgåver.

Fylkesbiblioteket vil framover utvikla kurs og prosjekt som kan styrkja kompetansen til dei tilsette ved folkebiblioteka.

– Samtidig er det med ei viss uro vi registrerer at biblioteka ikkje føler at dei har solide nok rammer for å løysa dei lovpålagde oppgåvene sine, seier fylkesbiblioteksjef Annette Koch.

<p>(©NPK)</p>

Utskrift E-post