Arkivfoto: Berit Roald / NTB Scanpix / NPKArkivfoto: Berit Roald / NTB Scanpix / NPK
Regjeringa har i år gitt tilskot på 14 millionar til skolebibliotek for å fremme leselyst og leseglede.
 

Pengane skal brukast på kompetanseutvikling og personalressursar slik at biblioteka kan legge til rette for leselyst og leseglede, melder Kunnskapsdepartementet.

Alle kommunane som får støtte har lesestimulering som tema, og fleire søkarar enn i fjor kan vise til planar i kommunen som tar vare på skolebibliotek.

Les også: Åsmund (32) etterlyser historiar om det å vere vaksen og skeiv

Skal bidra til leseglede for alle

Blant måla for denne tilskotsordninga, er at biblioteka skal vere ein integrert og varig del av den pedagogiske verksemda til skolane, at biblioteket bidreg til leseglede for alle elevgrupper og i alle fag, og at det skal vere ein inkluderande arena, som tek omsyn til barn og unge sine ulike føresetnader og behov.

Prosjekt retta mot 1- 7 trinn er prioriterte, men dei inkluderer ofte også ungdomstrinnet, melder departementet, som vil vidareføre ordninga dei neste to åra.