Thor Gjermund Eriksen lovar å fylle nynorskkvota i statskanalen i 2019. Foto: Nordiske Mediedager/Flickr/CC BY-SA 2.0Thor Gjermund Eriksen lovar å fylle nynorskkvota i statskanalen i 2019. Foto: Nordiske Mediedager/Flickr/CC BY-SA 2.0
 
Mangel på nynorske journalistar har konsekvensar. NRK slit med å nå målet sitt om 25 prosent nynorsk på nett.

Torsdag skreiv Framtida.no at dei seks journalistutdanningane ved universitet og høgskular i Oslo, Bergen, Stavanger, Bodø, Volda og Kristiansand utdannar berre kring ti nynorskskrivande journalistar.

– Det er synd for nynorsken og journalistikken. På sikt kan det bli alvorleg for nynorsk som mediespråk, seier språksjef i NRK Ragnhild Bjørge på telefon til Framtida.no.

– Tala visar at journalistikkutdanningane må ta meir ansvar for å sikra talet på nynorskskrivande journalistar, understrekar ho.

Alle journalistutdanningane seier at det er valfritt kva målform studentane nyttar, men at dei oppmodar studentane til å bruka nynorsk.

Slit med å nå nynorskkrav – trass betring

Ragnhild Bjørge er klar på talet på nyutdanna nynorskskrivande journalistar vil få konsekvensar, også for evna til NRK om nå minst 25 prosent nynorsk i alle kanalar.

– I alle fall kan det bli konsekvensar på sikt. På den andre sida; så kan det bli enklare for dei som faktisk skriv nynorsk å få jobb, seier ho.

Nyleg kom Medietilsynet fram tal som viser at NRK enno ligg bak kravet om 25 prosent nynorsk. På NRK.no var det berre 16 prosent nynorsk, ein nedgang frå tidlegare år.

I fjor haust sa kringkastingssjefen at han lova å fylla nynorskdelen i løpet av 2019.

Språksjefen seier at NRK jobbar systematisk for å klara kravet om minst 25 prosent nynorsk. Fram til midt i juni i år har NRK hatt ein liten auke på nett og har landa 18 prosent nynorsk, ifølgje tal som enno ikkje er kvalitetssikra.

– I eteren ligg me veldig godt an. Du kan gjerne seia at dei 17,5 prosentane som brukar nynorsk i NRK, jobbar veldig godt, seier Ragnhild Bjørge på telefon til Framtida.no.

Då ho undersøkte språkbruk og kompetanse i vinter, var det fleire bokmålsbrukarar som sa at dei brukte nynorsk av og til – men det same gjeld òg nynorskbrukarane.

– Då eg jobba i Dagsnytt, var det ofte eg skreiv manus på bokmål for programleiarar som var bokmålsbrukarar. Det skjer nok oftare at nynorskbrukarar skriv bokmål enn omvendt.

Nytilsettingar har effekt

Bevisst plukking av nynorskbrukarar til nye stillingar har effekt, understrekar språksjef Ragnhild Bjørge.

Etter at Gjermund Erikstein-Midtbø (27) frå Bø i Telemark blei tilsett i NRK Buskerud har nynorskdelen deira gått opp frå 10 til 24 prosent. Nyleg fekk Midtbø, som er utdanna ved Høgsulen i Volda, Alf Helleviks mediemålpris.

Også nytilsettingar i Møre og Romsdal og på Marienlyst har gitt meir nynorsk på nett.

– Nynorsk må stå på lista over kvalifikasjonar og redaksjonane må prioritera det, understrekar Ragnhild Bjørge.