Redaktør Elen Betanzo med dei seks nye Leseland-bøkene. Foto: SamlagetRedaktør Elen Betanzo med dei seks nye Leseland-bøkene. Foto: Samlaget 
Maria Parr, Laurda Djupvik, Atle Berge og Anders Totland kjem med nyskrivne forteljingar i den populære Leseland-serien.
 
 

Bøkene er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og rettleiande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Maria Parr har skrive Leseland-boka Storebror. Foto: Agnete BrunMaria Parr har skrive Leseland-boka Storebror. Foto: Agnete Brun

Mellom haustens bøker er fire av dei nyskrivne forteljingar av dei norske forfattarane Laura Djupvik, Anders Totland, Atle Berge og Maria Parr.

På spørsmål om kva som motiverte ho til å skrive ei lettlesbok svarar Maria Parr dette i ei pressemelding frå Samlaget:

– Det er rart med det, korleis ein ikkje forstår noko før ein kjenner behovet på kroppen. Det har vore ei openberring å sjå kor viktige desse bøkene har vore for barna mine då dei skulle lære seg å lese! Det var veldig motiverande.

Leseland har vore utgitt på Samlaget sidan hausten 2015 og består no av heile 77 titlar fordelte på fem nivå.