Illustrasjonsfoto: Thomas Brun / NTB scanpix / NPKIllustrasjonsfoto: Thomas Brun / NTB scanpix / NPK
 
Om lag 200 skulebibliotek blir inkluderte når Kulturrådet utvidar innkjøpsordninga for skjønnlitteratur, sakprosa og teikneseriar for barn og unge.
 
Kulturrådet vil med prøveordninga gi barn og unge betre tilgang til kunst og kultur. Skulebiblioteka er ein arena som potensielt møter alle barn i Noreg, heiter det ei pressemelding.
– Tilgangen barn har til kunst og kultur blir i større grad enn dei vaksne påverka av bakgrunn og sosioøkonomiske forhold, seier nestleiar seier Anne Oterholm i Norsk kulturråd.

Mange av skulebiblioteka i landet blir no omfatta av innkjøpsordningane for skjønnlitteratur, sakprosa og teikneseriar. Skulebiblioteka er i hovudsak ikkje inkludert i denne ordninga i dag.

Søknadsfrist for skulebiblioteka er 3. desember i år, og biblioteka kan søke frå starten av november.

Fleire nynorskbøker i nynorskland

I ei undersøking gjort av Framtida.no blant nynorske skulebibliotek svarar 37 prosent av dei nynorske skulane at dei kjøper inn fleire nynorske bøker til skulebiblioteket enn før. Berre knappe sju prosent seier dei kjøper inn fleire bokmålsbøker.

– Eg har tenkt at me må ha lettlesne bøker på nynorsk, og nynorsk der det passar. Men det finst så mykje meir på bokmål, så då blir det mest av dei, seier bibliotekar Silje Vågen Torbjørnsen.