1,2 millionar til Framtida.no og Framtidajunior.no

Redaktør Svein Olav B. Langåker, her saman med journalistane Andrea Rygg Nøttveit og Bente Kristin Rundereim Kjøllesdal, er svært nøgd med løyvinga på 1,2 millionar til Framtida.no og Framtidajunior.no over statsbudsjettet. Arkiv Foto: Emilie Hansen / Framtida.noRedaktør Svein Olav B. Langåker, her saman med journalistane Andrea Rygg Nøttveit og Bente Kristin Rundereim Kjøllesdal, er svært nøgd med løyvinga på 1,2 millionar til Framtida.no og Framtidajunior.no over statsbudsjettet. Arkiv Foto: Emilie Hansen / Framtida.no

Landssamanslutninga av nynorskkommunar er svært glade for å få ein auke over statsbudsjettet på 1,2 millionar øyremerkt barne- og ungdomssatsinga Framtida.no og Framtidajunior.no.

 

– Me er veldig fornøgde og glade for at Kulturdepartementet på denne måten anerkjenner arbeidet me gjer for å sikra barne og unge eit digitalt kvalitetstilbod på nynorsk, seier Svein Olav Langåker, redaktør i barne- og ungdomssatsingane på nynorsk Framtida.no og Framtidajunior.no.

Får meir føreseielege arbeidsvilkår

Då statsbudsjett for 2019 blei lagt fram i fjor, fekk ikkje LNK dei 1,2 millionane dei hadde søkt om til drifta av Framtida.no og Framtidajunior.no. Under behandlinga i Kulturkomiteen på Stortinget påpeika eit stort fleirtal at dette var viktige tiltak som burde vidareførast. Ved behandlinga av revidert budsjett før sommaren klarte Venstre, KrF, Høgre og Framstegspartiet å sikra fleirtal for å løyva 1,2 millionar til satsingane i 2019.

Når no støtta blir ført vidare i 2020, gjer det arbeidsforholda meir føreseielege for redaksjonen.

– Det betyr at me får jobba meir langsiktig med å laga god journalistikk for barn og unge over heile landet, og gjer at me får halda på dei dyktige journalistane me har i redaksjonen, seier Langåker.

Vekst i talet på brukarar

Framtida.no og Framtidajunior.no er dei språktiltaka på nynorsk som når flest i Noreg for minst pengar.

I løpet av dei første ni månadane har 800.000 brukarar vore innom nettsidene. Det er ny rekord.

– Me har aldri hatt høgare trafikk enn så langt i år, og reknar med å setja ny årsrekord i god tid før jul, seier Langåker.

Utskrift E-post