Eitt av fire bibliotek kuttar innkjøp av bøker: – Kommunane må skjerpa seg!

Voss bibliotek er eitt av biblioteka som svarar at dei kjøper inn færre bøker i år enn tidlegare. Foto: Bergen Off. Bibliotek/CC BY 2.0Voss bibliotek er eitt av biblioteka som svarar at dei kjøper inn færre bøker i år enn tidlegare. Foto: Bergen Off. Bibliotek/CC BY 2.0

Nedgangen i mediebudsjetta til folkebiblioteka held fram. Leiar i Forleggerforeningen Edmund Austigard er uroa.

I ei ny undersøking svarar 25 prosent av folkebiblioteka at dei kjøper inn færre bøker enn tidlegare. 58 prosent seier dei vil kjøpa inn like mange bøker som før. Knapt 17 prosent seier dei vil auka innkjøpet av bøker i Bokåret 2019.

Leiar i Norsk Bibliotekforening, Mariann Schjeide, er ikkje overraska over tala.

– Det eg pleier å seia er at det er i kommunane det skjer, og det er der det skjer seg. Biblioteksjefane er utrulege flinke til å snu på kvar ei krone, mens innkjøpsbudsjetta deira blir redusert for kvart år.

Besøket i biblioteka har aldri vore høgare.

Redusert innkjøp

125 norske folkebibliotek har svara på undersøkinga for Pirion og Framtida.no.

Samstundes viser tal frå Nasjonalbiblioteket viser at innkjøpet av bøker og media gjekk ned i 2018 frå 2017. Totalt kjøpte norske bibliotek bøker og andre media for 133 millionar kroner i fjor. Det er ein nedgang på litt over tre millionar frå året før. I løpet av dei siste fem åra er det berre i 2015 at innkjøpstalet har vore lågare.

LES OGSÅ: Har skrive dei beste ungdomsbøkene på nynorsk i dette årtusenet

– Kommunane må skjerpa seg

Edmund Austigard er leiar i Forleggerforeningen, og uroa for tala.

– Eg opplever dette som ein uheldig trend i ei tid der biblioteka er viktigare enn nokon gong  som ein formidlar av bøker til lesarane. Så her har eg ein beskjed – og det er at kommunane må skjerpa seg.

Austigard er særleg uroa for litteraturen som ikkje er omfatta innkjøpsordninga, som lettlestbøker, serielitteratur og slukebøker.

– Denne litteraturen er så viktig for dei som skal læra seg å lesa, seier Austigard og ber kommunane tenkja på leseopplæringa for barn og unge før dei kuttar i innkjøpet av bøker.

LES OGSÅ: Meir sex, drap og vald i ungdomsbøker: – Jo verre, jo betre

 

Grafikk: Svein Olav B. Langåker, Framtida.no

Utskrift E-post