Unge diktarar kan søke om Olav H. Hauge-stipendet

Olav H. Hauge. Foto: Odd NerbøOlav H. Hauge. Foto: Odd Nerbø

Nynorsk kultursentrum lyser ut Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar 2020. Stipendet er på 150.000 kroner og skal gå til eit poetisk talent. Prisen gjeld også songlyrikk.

– Olav H. Hauge-stipendet framhevar dei unge, nye og særprega lyrikarane som held det lyriske språket levande og aktuelt, seier dagleg leiar Geir S. Netland ved Olav H. Hauge-senteret i ei pressemelding.

Olav H. Hauge-stipendet vart delt ut første gong i 2018, og skal gå til ein norsk lyrikar, songar eller tekstforfattar under 40 år som har gitt ut inntil tre diktsamlingar eller eigne større songverk. Tekstane kan vere både på nynorsk, bokmål og dialekt.

Netland fortel at Olav H. Hauge sjølv var opptatt av nye lyrikarar i si eiga samtid, og gav råd til unge forfattarar som skreiv til han, og at det difor er naturleg å kalle stipendet opp etter forfattaren.

Stipendet på 150.000 kroner blir delt ut under Ulvik poesifestival 11.–13. september 2020, og alle som vil kan fremje forslag om kandidatar til stipendet på nettstaden haugesenteret.no fram til 15. mars. (©NPK)

Utskrift E-post