Einar Økland blir 80: – No er det for seint å stoppa meg

Einar Økland jubilerer. Foto: Magne LangåkerEinar Økland jubilerer. Foto: Magne Langåker

Einar Økland synest det ei naturleg sak å uttrykke seg på forskjellig vis til forskjellige tider. Sjølv har han forfatta både sakprosa, poesi, barnebøker og noveller sidan 1963. No kjem den niande tekstsamlinga til forfattaren.

– For meg heng det å skrive forskjellige sjangrar i hop fordi mennesket er samansett. Menneska er naivistar nokre timar på dagen, og veldig tenksame andre tider på dagen. Ein ytrar seg forskjellig i forskjellige samanhengar, seier Einar Økland til NPK.

17. januar blir han 80 år, og samtidig blir tekstsamlinga «Oss imellom?» gitt ut. Her har han samla eigne tekstar blant anna om kunstnar Gunnar Torvund og forfattarar som Torborg Nedreaas, Olav H. Hauge, Gunnar Lunde og Georg Johannesen, i tillegg til andre tekstar av ulik karakter.

– Eg har hatt glede av variasjon og slår gjerne eit slag for det fleirsidige mennesket, seier Økland. – Men eg har vore den same heile tida. Så for meg har det verka som ei sjølvsagt sak sånn sett.

Headhunta til film

No har han òg debutert som filmskodespelar. I filmen «Håp», skriven og regissert av Maria Södahl, speler han faren til den kreftsjuke hovudkarakteren Anja.

– Det var strålande skrive og tenkt, og totalt ujålete, seier han om manuset som er basert på Södahls eiga erfaring med sjukdommen.

Han beskriv innspelinga som å vere på guida tur med spesialistar i filmverda.

– Alle var vennlege og proffe. Og om regissøren hadde bede meg vere ei papegøye i eit bur så hadde ho fått det til, og det ville ikkje vore mi forteneste, seier Økland.

Hausten 2019 debuterte Einar Økland som filmskodespelar. – Einar har noko mildt, sindig og klokt over seg. Han var aldri nervøs for noko, sa regissør Maria Södahl til BT om Einar Økland i rolla han gjorde i spelefilmen «Håp». Foto: Privat Hausten 2019 debuterte Einar Økland som filmskodespelar. – Einar har noko mildt, sindig og klokt over seg. Han var aldri nervøs for noko, sa regissør Maria Södahl til BT om Einar Økland i rolla han gjorde i spelefilmen «Håp». Foto: Privat

Imponert

Det hender Økland les det han sjølv har skrive, og er forundra over at han har skrive noko så smart. Men han tek ikkje på seg noka ære for det.

Einar Økland bur saman med kona Liv Marit heime på farsgarden i Valevåg. Han trur dei ville vorte pålagde luksusskatt om det vart offentleg kjent kor bra dei har det i distriktet. – Det er fantastisk korleis ein kan ha det i ein utkant, seier forfattaren. Her i møte med ein stålorm. Foto: Liv Marit Martha NordbøEinar Økland bur saman med kona Liv Marit heime på farsgarden i Valevåg. Han trur dei ville vorte pålagde luksusskatt om det vart offentleg kjent kor bra dei har det i distriktet. – Det er fantastisk korleis ein kan ha det i ein utkant, seier forfattaren. Her i møte med ein stålorm. Foto: Liv Marit Martha Nordbø– Alt er eit lån. Om eg har tenkt noko smart eller vakkert eller fornuftig, så er det ikkje frå meg. Eg er jo fødd tom. Det kjem frå venner, kjenningar, frå mi tid. Det kjem mykje godt og nyttig inn frå andre stader. Eg ser på meg sjølv som ein redaktør som sit på desken. Noko av stoffet journalistane kjem inn med blir for dumt, og noko tenker eg er steike bra, seier han.

– Det å skriva i det heile tatt er jo eit kontaktmiddel. Å få kontakt med andre. Men det er fjernkontakt i staden for nærkontakt. At folk sit langt vekk frå deg og kan lese det mykje seinare, seier Økland.

Mista far

Det er ein kontakt som passar forfattaren bra. Trass i at han har vore aktiv som bidragsytar i kulturelle samanhengar, jobbar han heimanfrå og er mykje åleine og i lag med seg sjølv.

– Eg har heile livet trekt meg tilbake og vore åleine. Det kjem frå at far min døydde da eg var sju år. Da sat mor mi med eit lite småbruk og hadde lite pengar. Eg mista kontakten med folk og heldt meg mykje for meg sjølv. Eg takla skolen heldigvis, men vart van med å vere eigen herre og følge eige tempo.

Økland trekte mot skog og mark, fiska og streifa mykje for seg sjølv. Han las og las. Han hugsar verken gravferda eller stort anna frå den tida. Han trur sorga vart for mykje å handtere for ein liten gut. Difor ville han heller ikkje høyre folk seie «stakkars deg» og bli mint om sorga.

Økland finn verdi i trykksaker som kan fortelje oss om kulturen vår, og har samla i mange år. Delar av samlinga er digitalisert hos Bergen bibliotek. Nynorsk kultursentrum har òg dokumentert samlinga han har heime. Her med ein reklameplakat for Nynorsk Vikeblad som vart gitt ut frå 1934 til 1954. Foto: PrivatØkland finn verdi i trykksaker som kan fortelje oss om kulturen vår, og har samla i mange år. Delar av samlinga er digitalisert hos Bergen bibliotek. Nynorsk kultursentrum har òg dokumentert samlinga han har heime. Her med ein reklameplakat for Nynorsk Vikeblad som vart gitt ut frå 1934 til 1954. Foto: PrivatHeimeverande sidan 1967

Etter å ha vore innom fleire utdanningsretningar, og blant anna jobba som psykolog, flytta han saman med kona Liv Marit til Oslo. Frå og med 1967 har han jobba heimanfrå.

– Det siste eg gjorde var å halde førelesingar i psykologi hausten 1966. Så fekk vi barn, og det balla på seg med forskjellige ting.

Økland var heimeverande far, melde bøker for VG i to år, skreiv, reiste på opplesingar og var forlagskonsulent. At det vart mykje forskjellig, var ikkje tilsikta. Økland har ikkje hatt nokon karriereplan.

– Det vil eg nesten skryte av, altså. Men det vart til at eg oppdaga nye sider ved meg sjølv. Eg vart spurt om å skrive teaterstykke, har omsett ein del for Det Norske Teatret. Men eg gjekk ikkje og spurde etter jobb. Eg skreiv mine eigne bøker og byrja å skrive barnebøker. Eg har hatt stor glede av det.

Etter kvart flytta dei til farsgarden i Valevåg i Hordaland. Der er Økland sin eigen herre. Han jobbar kva tid han vil, søv når han vil og skriv når han vil.

– Det er jo herleg for den som kan ta det. Du skal ha ein indre mental spesialkapasitet for å gjere sånn. Eg kallar meg for unnalurar. Det har vore eit herleg liv og eit godt yrkesliv.

I 2017 dokumenterte Nynorsk kultursentrum saman med Sunnhordland Museum ei stor samling av kulturskattar heime hos Einar Økland. I over 40 år har han blant anna samla trykksaker innanfor populærkultur, barnekultur og bruksgrafikk. Her er dåverande direktør Ottar Grepstad på besøk heime hos Økland. Foto: Liv Marit Martha NordbøI 2017 dokumenterte Nynorsk kultursentrum saman med Sunnhordland Museum ei stor samling av kulturskattar heime hos Einar Økland. I over 40 år har han blant anna samla trykksaker innanfor populærkultur, barnekultur og bruksgrafikk. Her er dåverande direktør Ottar Grepstad på besøk heime hos Økland. Foto: Liv Marit Martha NordbøÅ bli åtti

At han skulle bli 80, hadde Økland aldri sett for seg, for han har trudd at han har vore i ferd med å døy så mange gonger at han seier at han lever posthumt.

På rekruttskolen vart han kasta ut etter fire dagar fordi dei oppdaga ein alvorleg hjartefeil. Da han var berre fire år, fekk han feber og måtte operere mandlane. Da han vakna av narkosen, gulpa han blod og trudde han skulle døy. Det trudde mora òg.

Han heldt òg på å drukne i brønnen heime i hagen eit par gonger. Og så var det den gongen han måtte søke tilflukt i kjellaren hos onkelen på grunn av luftangrep under krigen. Med gassmaske. Da han kom heim, hallusinerte han i fargar og visste ikkje om han var levande eller død.

Men så er han altså like levande som før.

– Det er mange som ikkje blir åtti, det ligg mange langs vegkanten. Eg er frisk som eg alltid har vore. Og no blir eg åtti, og det er for seint å stoppa meg, seier Økland.

– Eg går no her og tuslar og kan framleis bruke slegge og sag og øks, og steller med alt det huslege. Eg har hatt flaks og synest eg har vore ytst heldig i livet. Eg held ut så lenge eg held ut og etterpå får det vere det same.  (©NPK)

Utskrift E-post