To hundre skulebibliotek er inkluderte i innkjøpsordningane

 
Skulebibliotek over heile landet vil no få kring 120 bøker kvart år frå innkjøpsordningane i Kulturrådet.

To hundre skulebibliotek over heile landet vil no bli omfatta av innkjøpsordningane for skjønnlitteratur, sakprosa og teikneseriar for born og unge. Det er klart etter at meir enn 500 bibliotek søkte på Kulturrådets nye forsøksordning.

– Det er supert! Det vil seia at skulebiblioteka får større tilfang med bøker. Det er det stor trong for, seier Silje Torbjørnsen, biblioteksjef i Fitjar og ansvarleg for skulebiblioteket på Rimbareid barne- og ungdomsskule. Ho synest Kulturrådet er flinke til å finna ei breidde av utgjevingar til barn og unge.

Til no har folkebiblioteket fått to eksemplar av alle bøkene til barn og ungdom som kjem frå Norsk Kulturfond. Eitt eksemplar av kvar bok har dei heldt på sjølv i folkebiblioteket, medan det andre eksemplaret må delast på dei andre skulane. No blir det altså ei dobling av bøker til skulane i kommunen med vel 3000 innbyggarar.

– Eg synest Kulturrådet er flinke til å finna ei breidde av utgjevingar til barn og unge, seier Silje Torbjørnsen, biblioteksjef i Fitjar og ansvarleg for skulebiblioteket til Rimbareid barne- og ungdomsskule. Foto: Svein Olav B. Langåker

Forsøksordning

509 skulebibliotek søkte om å få komma inn på forsøksordninga på tre år. Dei to hundre utvalde skulebiblioteka er spreidde over heile landet. Oslo, Akershus, Rogaland og Trøndelag står med flest positive vedtak, men talet på tildelingar reflekterer i stor grad søknadsmengda frå dei ulike fylka.

– Biblioteka sitt behov for bøker og entusiasmen til dei biblioteksansvarlege rundt forsøket har vore overveldande, seier rådsmedlem Anne Oterholm, som også leier Kulturrådets faglege utval for litteratur.

Har lagt vekt på ressursar

I vurderingane har Kulturrådet mellom anna lagt vekt på kva ressursar skulebiblioteka har og korleis biblioteka blir brukte i dag. Nokon av dei viktigaste spørsmåla har vore om skulen har ein skulebibliotekar eller annan dedikert ressursperson, om biblioteket blir brukt aktivt av klassane, om det finst ein plan for å nå fram til elevane med breidda i dei tilgjengelege bøkene, og om biblioteket er lett tilgjengeleg i skulebygningen.

Forsøksordninga er treårig, og dei to hundre skulebiblioteka vil no få tilsendt kring 120 titlar retta mot born og unge kvart år frå innkjøpsordningane for skjønnlitteratur, sakprosa og teikneseriar.

– Det har vore veldig lærerikt å få eit overblikk gjennom søknadene over mykje av det som skjer på dei ulike skulebiblioteka, seier Oterholm.

Sjå lista over alle skulebiblioteka her!

Utskrift E-post