Nynorske elevar blir tvinga til å bruka bokmål

Leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold. Foto: Ingunn V. SteinsvågLeiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold. Foto: Ingunn V. Steinsvåg

Fire av fem lærarar ved nynorske skular seier at klassen deira må bruka digitale ressursar på bokmål minst éin gong i veka – sjølv om dei kunne ønskt dei var på nynorsk.

Dette kjem fram i ei undersøking i grunnskulen som blei gjennomført av Framtida.no rett før alle skular i landet blei stengde fredag 13. mars. Etter dette har skulane i landet blitt heilt avhengige av ei rekkje digitale ressursar og læremiddel.

– Eg har forståing for at det er ein ekstraordinær situasjon no, men det betyr ikkje at nynorskelevane ikkje har mindre behov for opplæring i språket sitt og på språket sitt, seier Gunnhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom.

– Mangelen på digitale verktøy, ressursar og læremiddel på nynorsk blir ekstra synleg i desse dagar, seier leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn.

– Urovekkande

Det er over 75.000 elevar i grunnskulen med nynorsk som hovudmål i Noreg. For første gong på fleire år er det nynorskelevar i alle fylke dette skuleåret.

Målrørsla meiner staten må ta meir ansvar for å sikra rettane til nynorskelevane.

– Me kan ikkje forventa at dette berre løyser seg sjølv. Staten må koma med tiltak. Når fleire kommunar har kjøpt inn Chromebook og ipadar som ikkje fungerer godt nok på nynorsk, så er det tydeleg at språket ikkje har vore med i vurderinga, seier Gunnhild Skjold.

80 prosent av alle lærarane på barnetrinnet svarar at elevane deira bruker anten Chromebook eller ipad på skulen.

Målrørsla ønskjer å endra Opplæringslova for å sikra nynorskelevane sin rett til få skriveprogram og andre viktige verktøy på nynorsk. Forslaget til ny lov er no på høyring til 1. juli 2020.

Manglar kontroll på språkinnstillingar

I undersøkinga kjem det fram at berre kring éin av fem lærarar synest det er litt lett eller veldig lett å ha kontroll på språkinnstillingane til programma og appane til elevmaskinene.

Dette svarar lærarane på spørsmålet om korleis det er å ha kontroll over språkinnstillingane på programma/appane på elevmaskinane:

Sjekk språket

Magne Aasbrenn i Noregs Mållag seier koronakrisa gjev foreldre betre tid til å sjekka språket i appane og programma borna deira bruker på skulen.

– Me vil oppmoda foreldre og elevar til å sjekka om det verkeleg er språkleg jamstilling i skulen.

200 lærarar har svara på undersøkinga som blei gjennomført i starten av mars av Framtida.no og Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

Kor ofte bruker klassen din digitale ressursar på bokmål, som du kunne ønskt var på nynorsk?

Nesten kvar time: 6 %
Kvar dag: 28 %
2-4 gonger i veka: 34 %
1 gong i veka: 14 %
Kvar månad: 13 %
Sjeldan: 4 %
Aldri: 2 %

Kjelde: Spørjeundersøking til 200 grunnskular med nynorske elevar.

Her får du tips til digitale ressursar på nynorsk for barnetrinnet!

På Lærarrommet får du tips til korleis du kan bruka Framtida.no og Magasinett til å gjera skulen meir aktuell på nynorsk!

Utskrift E-post