Her finn du digitale skuleressursar på nynorsk

Skrive av Svein Olav Langåker .

 Foto: ColourboxFoto: Colourbox
Her får du hjelp til å finna digitale ressursar på nynorsk til bruk i skulen.

Stengde skular og digital heimeskule viser kor viktig det er med digitale ressursar på nynorsk. Her har me samla ei liste over digitale ressursar på nynorsk til bruk i skulen.

BARNETRINNET:

Nynorsksenteret.no har fleire fine digitale ressursar for både lærarar og elevar på barnetrinnet. Her finn du mellom anna teikneseriar og teikneseriekurs, boktips og interaktive aktivitetssider. Sjå gjerne videoen deira under om digitale læremiddel:

Framtidajunior.no har nyhende, skrivekonkurransar, bokmeldingar, kvissar, videoar, avstemmingar, journalistkurs, faktaartiklar og mykje anna kjekt for elevar på barnetrinnet. På lærarsidene deira finn du forslag til fleire undervisingsopplegg.

Tunkatten.no kan barna lesa og høyra spennande forteljingar, songar og lydbøker. Eller kanskje bli med på ein ordleik?

Foreningen Les har fleire utdrag frå nynorske bøker for mellomtrinnet samla på Tidforti.no. I Leseskogen kan du finna fleire nynorske historier for 1.-4.trinn, blant anna éi nyskriven historie frå Tor Arve Røssland.

Samlaget har fleire av dei nyaste bøkene sine på Lesemeister.no. Her er det mogleg å få prøveabonnement no.

Her finn du dei beste nynorske barnebøkene!

UNGDOMSTRINNET OG VIDAREGÅANDE:

Framtida.no og Magasinett.no har mange aktuelle tekstar for elevar på ungdomstrinnet og vidaregåande.

Framtida.no har samla dei beste eksamenssvara på nynorsk frå avgangseksamen i norsk på VG3.

Lærarrommet finn du fleire tips til å gjera skuletimane aktuelle på nynorsk.

Samlaget har fleire av dei nyaste bøkene sine på Lesemeister.no. Her er det mogleg å få prøveabonnement.

Nynorsksenteret.no har fleire fine digitale ressursar for både lærarar og elevar på ungdomstrinnet og vidaregåande. Her finn du mellom anna teikneseriar og teikneseriekurs, boktips og interaktive aktivitetssider.

Andre ressursar:

Nynodata har lagt ut den nynorske ordbokspakken, Ordrik, til nedlasting og gratis bruk ut skuleåret. Ordrik har ordbøker for nynorsk, bokmål til nynorsk, nynorske synonym og bokmål. Ordbøkene for nynorsk har også med stilmalar, som sikrar ein konsekvent språkleg stil.

Ordbøkene kan lastast ned frå Nynodata si heimeside, www.nynodata.no. Der ligg det også gyldig lisens. Direktelenke: http://dl.nynodata.no/download/ordrik2/latest/

Ordbøkene passar best for ungdomsskule og vidaregåande.

Lesesenteret, Skrivesenteret og Språkløyper har samla fleire nynorske læringsressursar.

Utdanningsdirektoratet har samla fleire tips til nynorskundervising frå barnehage til og med vidaregåande.

I tillegg kjem digitale læremiddel i nynorskversjonar hos fleire forlag.

Har du tips om fleire ressursar, eller nokon du kunne ønskt deg? Tips oss gjerne på svein @ framtida.no!

Utskrift