– Regionreforma er blitt endå meir svekt

KS-leiar Bjørn Arild Gram. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix / NPKKS-leiar Bjørn Arild Gram. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix / NPK

At kultursektoren blir fjerna frå regionreforma, betyr ei svekking av ei reform som var svak frå før, meiner KS.

– Heile grunnlaget og grunngjevinga for regionreforma var at nye og større oppgåver skapte behov for større fylkeskommunar. Kulturfeltet var eitt av områda der større fylkeskommunar skulle overta nye oppgåver. Eg skulle verkeleg ønske at handlekrafta var like sterk på oppgåveoverføring, som skulle vere det viktigaste i reforma, som den har vore på struktur, seier styreleiar i KS, Bjørn Arild Gram, i ei pressemelding.

Han viser til at det samla sett er svært avgrensa oppgåver som er overført til dei nye fylkeskommunane. Viss ikkje regjeringa og Stortinget følgjer opp med nye, vesentlege oppgåver, vil det som står igjen av reforma vere større fylke med omtrent dei same oppgåvene som før. Dette vil svekkje legitimiteten til reforma, ifølgje Gram.

– Denne delen av reforma kom skeivt ut frå starten, derfor er vi i og for seg ikkje overraska over korleis den enda. Vi har sakna ei meir prinsipiell og overordna tilnærming til dette frå departementet. Finansieringa av kulturinstitusjonane har historisk vore fragmentert og ulik frå institusjon til institusjon og frå fylke til fylke. No hadde regjeringa ei moglegheit til å rydde opp i dette, den moglegheita har ho ikkje brukt, seier Gram.

Stortinget har vedtatt å styrkje rolla til fylka på kulturfeltet. KS-leiaren meiner det no er ekstra viktig for kulturministeren å vere tydeleg på korleis han skal oppfylle dette vedtaket.

– Dette har fylkeskommunane og KS klare forventningar til. Kulturfeltet er for eksempel hardt ramma av koronakrisa, og fylka kan spele ei avgjerande rolle i å gjenreise kulturfeltet. Det krev likevel at rolla til fylka blir styrkt på kulturfeltet, seier Bjørn Arild Gram. (©NPK)

Utskrift E-post