Nav får kritikk for brot på mållova

 Nav får kritikk for brot på mållova. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPKNav får kritikk for brot på mållova. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Som andre statsorgan er Nav underlagt mållova, og dermed plikta til å svare på skriv i den målforma som er nytta i skrivet. No får Nav kritikk for at dei ikkje overheld lova.

Hallvard Viken fortel til Sogn Avis at han har sendt fleire brev på nynorsk til Nav Arbeid og ytelser på Leikanger i Sogn, men at svara han får fleire gonger har vore på bokmål.

– Det kan vanskeleg vere tilfeldig. Om dei meiner at dei er unnatekne mållova er det veldig rart, seier Viken til avisa.

Gunnhild Wiggen, seniorrådgivar i Språkrådet, seier mållova også gjeld for Nav.

– Nav på Leikanger er å rekna som eit lokalt statsorgan. Statsorgana må sjølve syta for at dei tilsette får den opplæringa dei treng i nynorsk, eller bokmål, men Språkrådet hjelper gjerne, seier Wiggen.

Nav Arbeid og ytingar på Leikanger fortel at dei er godt kjend med mållova. Dei beklagar no at fleire av svara til Viken har vore på bokmål.

– Vi er godt kjent med krava i mållova om at alle enkeltpersonar skal få svar i den målforma dei sjølv har nytta. Desse krava gjeld sjølvsagt også for Nav Arbeid og ytelser i Sogn, seier Kjersti Bolstad Blikra, fungerande avdelingsdirektør ved Nav Arbeid og ytelser i Sogn. (©NPK)

Utskrift E-post